Legg inn
av Arnfinn Kjelland » 29. november 2004 kl. 9.29
Vel, som ein rein kuriositet kan eg nemne at på Lesjaskogen, i grenda Rånå, ligg eit lite bruk innunder eit fjell - og bruket heiter Lotten (i bunde form). Gardsnamnet er også nytta som slektsnamn. Tydinga er ein lott, "andel", og skal visstnok gå attende på ein skogteig.
Namnet er ikkje gamalt; bruket vart oppbygd i 1860-åra, men om Lotten var eit eldre namn på staden er uvisst. Den eldste skriftforma er "Skytterlodden", der første leddet skal vise ein skyttar, jeger. Men det er ikkje kjent korleis det heng saman.
At namnet er bøygd i dativ i dialekta ("Lotte" med trykk på siste stavinga) kan tyde på at det er eldre.
Eg har ikkje høyrt at nokon nytta namnet som slektsnamn i ubunde form (Lott).
Meir info: Bygdebok for Lesja bd. 1 (1987) s. 141-143.