Amund Knut(d)sen Kolbotn, Sel f. 1853

Med tidligere kommune Heidal

Moderator: MOD_Oppland

Svar
dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Amund Knut(d)sen Kolbotn, Sel f. 1853

Legg inn av dn27834 » 31. oktober 2011 kl. 11.27

Eg legg dette inn under Sel, fordi om det var "underbruk" under Vågå i det tidsrommet det gjeld. Bror til tippoldefar min heitte Knut(d) Amundsen, var født 6/9-1827 i Vågå, gift med Mari Engebretsdtr født 15/4-1826 på Våge/Sel. Dei budde som gifte fram til ca 1840 på ein husmannsplass under Bue, Bueeie, så seinare på Kolbotn (Amundstuen eller kalla Ommundstugu på Kullebunn) i Verkensbakkane på Sel (i Vågå kommune den gong).

Ved FT 1865 hadde dei følgjande barn:
http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ft ... 75&lnr=000

Ved FT 1875 hadde dei følgjande barn buande heime:
http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ft ... 070&lnr=00

Ved FT 1875 Amund Knut(d)sen:
http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ft ... 051&lnr=00

Men da eg skulle slå opp når Amund fløtte frå Våge/Sel i kyrkjeboka, han følgde ikkje med far, mor og søsken til Rødøy i Nordland, da oppdaga eg at han som fekk attest for fløtting 3/10-1876 til Tyldal, var 19 år gamal og født 29/11-1857, medan han eg hadde registrert var født 1/11-1853.
Sjå dåp for dei to gutane med same foreldrepar:

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Sel i Vågå, Ministerialbok nr. 5 /3 (1842-1856), Fødte og døpte 1854, side 93.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-36
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 640098.jpg

Eg har funne ein bror til på Kolboitn, Amund f 29/11-1857 Døpt 3/1-1858, det var han som fløtte til Tyldal, den eg har reg f. 1853 må ha døydd som berre liten.

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Sel i Vågå, Ministerialbok nr. 6 /3 (1857-1872), Fødte og døpte 1858, side 76.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... dx_side=-6
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 640472.jpg

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Vågå i Vågå, Ministerialbok nr. 7 /1 (1872-1886), Inn- og utflyttede 1876-1879, side 449. nr 68
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-322
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 630621.jpg

Det er jo ofte at ein finn yngre søsken oppattkalla etter eldre, men da er som regel den eldre død. Nå har eg granska kyrkjebøkene for Vågå/Sel og også Vågå/Vågå for dødsfall, vigslar og konfirmasjoner står ofte innført i Vågå/Vågå med merknad Hovedsognet, Heddal eller Sell. Men eg er ikkje i stand til å finne den eldste broren Amund Knut(d)sen født 1953.

Er det nokon som kan sjå på dette med "friske augo" om de finn dødsfallet til Amund, under Vågå/Sel eller Våvå/Vågå, for Amund f 1853 finn eg ikkje i andre register enn kyrkjeboka for dåp, ikke i FT 1865 eller 1875. Dødsfallet hans må jo vere mellom dåp 20/11-1853 og fødsel/dåp 29/11-1857-3/1-1858.

På førehand takk for hjelp til å få sett på plass enda ei brikke i slektspuslespelet.

Beste helsing
Wenche

gj10822
Innlegg: 2526
Registrert: 9. mars 2010 kl. 1.46
Sted: KONGSBERG

Re: Amund Knut(d)sen Kolbotn, Sel f. 1853

Legg inn av gj10822 » 31. oktober 2011 kl. 12.46

Amund Knudsen Formoeiet 3 år død 21/7 1856 nr 42
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-248

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Amund Knut(d)sen Kolbotn, Sel f. 1853

Legg inn av dn27834 » 31. oktober 2011 kl. 13.50

Hei Anne

Tusen takk, der ser du kva nye augo kan gjere. Ein kan some gonger sjå seg så blind, fordi om ein "veit" at det mest sannsynleg må finnast der.
Eg kjem ikkje inn på kyrkjeboka p.t. for primærdokumentasjon, blir berre "kasta" ut, men får
prøve seinare om kyrkjeboka oppfører seg penare da.

Nå har eg venta litt og gjekk inn på skanna kyrkjebok:
Kildeinformasjon: Oppland fylke, Vågå i Vågå, Ministerialbok nr. 5 /1 (1842-1856), Døde og begravede 1856, side 315.nr 42
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-248
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 640323.jpg

Og da fann eg jo det same som deg, så om det var PC'n min eller lenken din, skal eg ikkje seie. Men takk igjen, du fekk meg på rett spor.

Beste helsing
Wenche

Svar

Gå tilbake til «Sel»