Hoff, Bodil Jensd. f. ca 1696, d. 1781 i Lom

Forsøk først å plassere ditt innlegg i et kommune-forum. Dette forumet er beregnet på diskusjon av slekter som er vanskelig å knytte til én bestemt kommune, og som har hatt fast slektsnavn før 1900.

Moderator: MOD_Slekter

Svar
Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 427
Registrert: 29. november 2004 kl. 8.56
Sted: VOLDA
Kontakt:

Hoff, Bodil Jensd. f. ca 1696, d. 1781 i Lom

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 10. januar 2011 kl. 16.07

Denne kvinna dukkar opp i kjeldematerialet frå Lom 2. februar 1733 da ho er fadder ved dåp: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... dx_side=-2 (Lars Tostensen ”Skisers” barn Tosten). Ho er fadder ei lang rad gonger framover, og giftar seg i Lom i 1745 (høgre side): http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-72

Her har Bodil og mannen Jacob Jonsson forlovarar av relativt høg rang i bygda, i alle fall Sevald Blakar, brukar på Blakar ca 1722 – ca 1758 (Bygdabok for Lom bd 2 s. 502). Jacob var som vi ser enkjemann og brukar på ein relativt stor gard i Lom, Sveine (bd 2 s. 247).

I 1757 skifta desse to frå seg: http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/25158/341 og heldt att føderåd, og i 1781 døydde Bodil som enkje, 85 år gamal (derav ca. f.-år): http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-251

Ho ”har med seg” eit slektsnamn, truleg Hoff, i mange av kjeldeinnføringane (lesing som ”Hoft” kan vise til gardsnamnet Hoft i Bøverdalen, men der har vi ikkje funne noka kopling). Hoff er eit ukjent namn elles i Lom (og Vågå). I dei fleste av fadderinnføringane før ho gifta seg står det enten Hoff, Hoft eller «i Præstegaarden» (tilsv.).

Eg har prøvd dei vanlege søkestadane, inkl. NST-registeret, utan treff. Søk i alle basane på DA syner ein del Hoff i Bergen, men ingen Bodil / Boel eller Jens.

Nokon som kan ha peiling på kven ho kan ha vore?

Identisk innlegg i Digitalarkivet: http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe ... manr=83863

Svar

Gå tilbake til «Slekter A-N»