Eg er litt usikker på verdien av denne artikkelen. Noko er tydeleg spekulativt - m.a. om kong Karl II av Spania. Noko er direkte feil - t.d. at Moselova har forbod mot giftemål i mange ledd. (Kontrollspørsmål: Korleis kan journalisten tru dette og samstundes påstå at jødar giftar seg med nære slektningar....? Kan svaret vere "Kunnskapsmangel"?) Magnus Lagabøte har vel heller ikkje noko rolle i denne samanhengen. Forbod mot giftemål mellom slektningar var innført i Noreg lenge før hans tid (Landskapslover, kong Sverres kristenrett, m.fl.)
Elles: Kristian Vs norske lov finst framleis med gyldige paragrafar,
http://www.lovdata.no/all/hl-16870415-000.html . Men det meste er avløyst av nyare lover i mellomtida.