Bygdebokverket "Busetnadssoga for Volda"

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 427
Registrert: 29. november 2004 kl. 8.56
Sted: VOLDA
Kontakt:

Bygdebokverket "Busetnadssoga for Volda"

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 2. desember 2005 kl. 7.11

Busetnadssoge er i prinsippet det same som 'gards- og ættesoge' og tek sikte på å dekkje alle heimar i kommunen med komplett ættesoge fram til trykketidspunktet.
Ættesogedelen er nyskriven i høve dei gamle Dalsfjord- og Voldasogebøkene. I tillegg inneheld bøkene nyskrivne grendesogekapittel, som tek for seg utviklinga i bygdelaga dei siste 100-150 åra.

Band 1, som dekkjer Dalsfjorden, er no levert og tilgjengeleg frå Volda kommune: http://www.volda.kommune.no/Boksal/
Sist redigert av Arnfinn Kjelland den 8. desember 2006 kl. 19.39, redigert 1 gang totalt.

Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 427
Registrert: 29. november 2004 kl. 8.56
Sted: VOLDA
Kontakt:

Re: Bygdebokverket "Busetnadssoga for Volda"

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 7. januar 2006 kl. 10.15

Prosjektvevsidene kan òg nemnast: http://tilsett.hivolda.no/ak/Voldasoga/Voldasoga.htm

Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 427
Registrert: 29. november 2004 kl. 8.56
Sted: VOLDA
Kontakt:

Re: Bygdebokverket "Busetnadssoga for Volda"

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 8. desember 2006 kl. 19.40

Og i morgon laurdag 9.12.06 kl 11.00 blir band 2, som dekkjer området Folkestad (f.o.m. Nautvika) - Straumshamn - Bjørnaset - Kilsfjorden - Bjørkedalen lansert på Folkestad.

Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 427
Registrert: 29. november 2004 kl. 8.56
Sted: VOLDA
Kontakt:

Re: Bygdebokverket "Busetnadssoga for Volda"

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 16. desember 2007 kl. 16.13

Og i går, laurdag 14.12.07, vart band 3 lansert. Boka dekkjer Høydalen, bygdene i Austefjorden og Hjartåbygda, er på 632 sider og har ca 500 bilde.

Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 427
Registrert: 29. november 2004 kl. 8.56
Sted: VOLDA
Kontakt:

Re: Bygdebokverket "Busetnadssoga for Volda"

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 14. desember 2009 kl. 8.33

Band 5, som dekkjer Morkabygda, Lidabygda og Yksnøya, vart lansert fredag 4.12.2009. Boka er på 423 sider.

Forklaringa på den ujamne bandnummereringa er at band 4 skal dekkje Vikebygda og Volda sentrum. Det er ein såpass komplisert operasjon at vi bestemte å ta den til slutt slik at vi fekk på plass alle trådene frå bygdene og inn til sentrum.

Har du tilknyting til band 4-området, klikk på feltet for band 4 her: http://tilsett.hivolda.no/ak/Voldasoga/Voldasoga.htm

Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 427
Registrert: 29. november 2004 kl. 8.56
Sted: VOLDA
Kontakt:

Re: Bygdebokverket "Busetnadssoga for Volda"

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 19. desember 2011 kl. 9.34

Så er band 4b, Røyslida - Heltnane - Vikebygda levert frå trykkeriet og i sal.

Vi såg tidleg (etter at band 3 var fullført) at det neppe ville vere råd å halde informasjonen om det vi i utgangspunktet kalte band 4 Volda sentrum - Vikebygda innafor eitt band. Da band 5 var fedig kalkulerte vi sidetalet berre for bustad- og personinformasjonen til mellom 800 og 900 sider. med tillegg av ca 150 sider om "sentrumsgrenda" (Øyralandet) og Vikebygda ville eit slikt band bli alt for stort. Dermed delte vi det i to etter topografien, slik at band 4a vil bli sjølve sentrum (Øyralandet med busetnaden langs stranda, og 4b inneheld busetnaden ovanfor høgskuleområdet til og med Vikebygda.

Vi vonar å få ferdig siste bandet, 4a, i løpet av sommaren 2012, og registerbandet kanskje til jul 2012.

Band 4b er på 446 sider og kan kjøpast frå Volda kommune.

Svar

Gå tilbake til «Volda»