Botnen/Åmdal-Barsgård

Moderator: MOD_Telemark

Svar
dn28231
Innlegg: 4
Registrert: 8. juni 2012 kl. 8.11
Sted: SELJORD

Botnen/Åmdal-Barsgård

Legg inn av dn28231 » 30. august 2012 kl. 14.15

Hei
Leitar kvar desse kan ha busett seg etter at dei utvandra te Usa

Liv H Botnen gift til Olav Dal, fekk dei barn som er i Usa?

Tjostolv H Botnen, vart han gift i Usa og fekk han evt barn der?

Ånund H Botnen ,vart han gift i Usa og fekk han evt barn der?

Anlaug(Annie) H Botnen vart gift med Peder O Omdal og reiste til Usa i 1905, 6 born vart med frå Norge: Clara,Peder,Hilmar,Theodor,Petrine og Alfred .4 vart født i Usa Arthur,Emelie,Oliver og Edit .Er det nokre etterkommere av desse barna?

dn20182
Innlegg: 2092
Registrert: 23. mars 2006 kl. 10.28
Sted: FYRESDAL

Re: Botnen/Åmdal-Barsgård

Legg inn av dn20182 » 30. august 2012 kl. 17.28

Eg trur du lettare fær napp om du legg ut desse spørsmåla under det serskilde forumet for USA her: https://slektsforum.slektogdata.no/viewforum.php?f=2281

Det sit mange som er røynde med å leite i amerikanske kjeldur som er innom der.

Det er viktig at du legg inn alt du veit om personane, t.d. fødselsdag og utvandringsår. Du bør legge inn permanent lenke til dei kyrkjeboksidene der du har funne opplysningar. Hosse du lagar slik lenke kan du lesa om her: https://slektsforum.slektogdata.no/view ... hp?t=32791

Beste helsing ein førsdøl, opprinneleg lonnhæring, i eksil.
Venleg helsing Kjetil

Svar

Gå tilbake til «Tokke»