Tomas Tofteland

Moderator: MOD_Telemark

Svar
Geir Inge Asheim
Innlegg: 256
Registrert: 2. desember 2004 kl. 18.42
Sted: KLEPPE

Tomas Tofteland

Legg inn av Geir Inge Asheim » 5. juli 2022 kl. 12.43

Hei. Eg legger inn dette for ein venn og det gjelder eit uttrykk som har blitt brukt i Bjerkreim kommune i Rogaland. Spørsmålet blir om noen her forumet kjenner til denne Tomas?

"«HOLD TOFTELAND, MENS JEG SPYTTER I MIN HÅND», er eit gamalt herme/uttrykk frå Bjerkreim. Har du hørt dette herme før?
Pappa brukte dette til dømes når han snikra eit eller anna, og ville me ungane skulle halda hammaren for han, mens han la til rettes det som skulle spikrast.
Hans Holmen (1912-1995) fortalte at «Tofteland» var ein mann frå Telemark som tente rundt på gardane på 1800-talet. Han var visst ei slåsskjempe, og uttrykket kjem frå ein kar som ville nokon skulle halda mannen, slik at han kunne «spytte i hendene» og gjera seg klar til kamp. Men kanskje tok Hans feil i at han var frå Telemark, for det er ein Tofteland-gard i Søgne og ikkje i Telemark."
Tomas skal etter det vi kjenner til være født ca 1782 siden han døde 80 år gammel i 1862.

Fra Bjerkreimboka 3 side 2164
"Tomas Tofteland, død 27.5 1862 80 år gml. fattiglem. Tomas var frå Telemark fortalde Hans Holmen. Syster til Hans fortalde at ho har høyrt om Tomas Tinn. Tomas var trolig frå Tinn i Telemark.
Hans fortalde at Tomas var ein kraftig kar og litt av ei slåsskjempe"

Dette innlegget ligger og under Søgne i Vest-Agder

Alle svar mottas med takk

mvh
Geir Asheim
 
 

Svar

Gå tilbake til «Tinn»