Mattis Madson (Mathis Madsen)( Bråten, Braaten) f ca 1707

Moderator: MOD_Telemark

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 558
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Mattis Madson (Mathis Madsen)( Bråten, Braaten) f ca 1707

Legg inn av Magnar Husby » 30. august 2016 kl. 10.06

Eg er på jakt etter identiteten til Mattis Madson Bråten fødd ca 1707 - død 1756, nummer 375 i Holtes Slektsregister. (Det var mange Madssøner i Drangedal samtidig, og eg har sett at det var ein Mads Aslakson på Rød som tidsmessig kunne vere far til Mattis. Men eg veit førebels ikkje om det er nokon samanheng).

Bråten i denne samanhengen må vere det seinare Håbersminde, vil eg tru, eller iallfall ein av plassane i same området, som da låg under prestegarden, og som var restar av garden Nes/Bråten.

Det første barnet hans synest å vere Ole (etter faren til mora Gunhild Olsdotter truleg):
SAKO, Drangedal kirkebøker, F/Fa/L0001: Ministerialbok nr. 1, 1697-1767, s. 57
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20061204060246

Sjå side 2 nedanfor 1732 (Holte skriv 1731, så her trur eg han har skrive feil årstal), akkurat i overgangen der linene blir tettare. Der står det:

"den 9 maj Bededagen døpt Mathis Madsens søn Ole, fadrer Dorthe ......, Kari (?) i Præstegaarden, Joe Strømbech, Nils .........., Thor Larsen Hose."

Kva står det som gards- el plassnamn for Dorthe og Nils? Eg finn ikkje noko namn i bøkene, på nett eller kart som eg kan tolke det i samsvar med. Rukland?, Riikland?
Er det nokon som kan hjelpe her?
(Mattis Madson er 4xtipp til kona mi)

Brukeravatar
dn01013
Innlegg: 2007
Registrert: 1. desember 2004 kl. 18.57
Sted: SONGE
Kontakt:

Re: Mattis Madson (Mathis Madsen)( Bråten, Braaten) f ca 170

Legg inn av dn01013 » 11. september 2016 kl. 19.04

I flg. Bjørn Edvin døper Mads også en Ole søndag etter pinse i 1733, så det blir kanskje litt tett på om den første Ole var født 1732, og ikke 1731.
Den første Ole døde i flg. Bjørn Edin også i 1731, som vel bygger opp under at 1731 er rett for Ole den første.

Magnar Husby
Innlegg: 558
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Mattis Madson (Mathis Madsen)( Bråten, Braaten) f ca 170

Legg inn av Magnar Husby » 11. september 2016 kl. 22.59

Innskrifta i kyrkjeboka for den første Ole står under årstalet 1732 (Sjå første innlegget.Der er det og lenke til staden i kyrkjeboka.) Og så vidt eg kan skjøne står det også at han døyr i 1732 (heilt nedst på sida, første spalte): SAKO, Drangedal kirkebøker, F/Fa/L0001: Ministerialbok nr. 1, 1697-1767, s. 60
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20061204060249

Den neste Ole var fødd ca 1 år etterpå, så det går nok bra, sjølv om det ikkje er så vanleg med så tette svangerskap.

Eg har førebels ikkje komen nokon veg med identifikasjon av Mattis Madsson og Gunhild Olsdotter. Fadrane til ungane deira var alle frå embetsstanden eller frå storgardane rundt Stranna og avslørte ikkje noko slektskap med dei så langt eg kan sjå. Det verkar som Mattis Madsen og kona var komne til Drangedal for å tene presten.

Svar

Gå tilbake til «Drangedal»