Thomas Pedersen Skrukkerud

Moderator: MOD_Oppland

Svar
7870
Innlegg: 121
Registrert: 21. februar 2005 kl. 23.26
Sted: SANDSTAD

Thomas Pedersen Skrukkerud

Legg inn av 7870 » 11. juli 2009 kl. 13.46

For nokre dagar sidan etterlyste eg under "Gudbrandsdalen - ukjent kommune" ein enkemann frå Gudbrandsdalen som kom til Hitra og gifta seg med ei enke der i 1779. Namnet hans er Thomas Pedersen, og han hadde med seg sonen Peder, som ifølge kjeldene skal vera fødd i Gudbrandsdalen ca 1772.
Eg fekk svar, og det første var frå Anne Lisbeth Stavland på Stord, som visste om ein Thomas Pedersen frå Skrukkerud i Ringebu, og han vart enkemann i 1772, da kona Ragnhild Engebretsdotter døde frå han. Anne Lisbeth visste at Thomas og Ragnhild hadde borna Engebret (fødd 1761), Peder (fødd 1764) og Sigri (fødd 1768). Dei to sønene døde med kort mellomrom i 1770. Så kom Anne Lisbeth med teorien om at mor Ragnhild kanskje døde da ein ny son kom til, og at han fekk namnet Peder. Ein knakande god teori, som godt kan vera sann. MEN eg greier ikkje å finne Peder, sonen til Thomas døpt i Ringebu i 1772 eller 1773. Statsarkivet i Hamar finn heller ikkje noko arveskifte etter Ragnhild Engebrigtsdatter Skrukkerud rundt 1772, og det må ha vore eit skifte, etter som at Thomas fekk gifte seg på nytt på Hitra - og han hadde born frå første ekteskap.
No spør eg: Er det nokon i Ringebu, som ved hjelp av bygdabok eller andre kjelder, veit noko om kvar han vart av, denne Thomas Pedersen, som budde nokre år på Skrukkerud i Ringebu? Finst han nemnt nokon stad, på garden eller kanskje på ein husmannsplass under garden?
Eller kanskje Skrukkerud er feil spor? Kanskje nokon veit om ein eller annan tvilande Thomas ein stad i Gudbrandsdalen, som var så glad i fersk fisk og lever at han strauk beinast åt Hitra etter å ha fått kona si i jorda?
Beste helsing
Svein Bertil på Hitra.

Svar

Gå tilbake til «Ringebu»