Peder Olsen Kongslibakken og Jøran Erichsdatter Isemlia
Moderator: MOD_Oppland
Peder Olsen Kongslibakken og Jøran Erichsdatter Isemlia
Den 23/7 1815 gifta Peder Olsen Kongslibakken og Jøran Erichsdatter Isemlia seg i Fron.
Etter kvart som barna deira vart døypt ser vi at Peder og Jørand (fleire ulike skrivemåtar i kyrkjebøkene). Men i 1832 finn vi Peder og Jøran i kyrkjeboka for Vaagøe i Aukra (no Fræna kommune i Romsdal. Dei var kommet frå From og hadde attest frå presten Thronhuus datert 5/12 og dei oppgav garden Hatle som mål for reisa.
Her står også barna nemnt med fødselsdato:
- Jon Pedersen f. 25/10 1817
- Niels Pedersen f. 23/1 1822
- Erich Pedersen f. 23/12 1825
- Marith Pedersdatter f. 5/11 1827
- Ole Pedersen f. 5/4 1830
Dessutan hadde dei ei datter Mari Pedersdatter f. 20/8 1816, men ho var ikkje med til Fræna.
I 1838 flytta Peder og Jøran til Gammelsæter, Hustad i noværande Fræna kommune-
Jøran døydde 20/6 1847 på Gammelsæter.
Det er stor etterslekt etter Peder og Jøran.
Enkemannen Peder Olsen gifta seg oppatt 12/4 1852. Då står under rubrikken for far: Ole Pedersen.
Eg skulle gjerne visst meir om opphavet til Peder og Gøran.

Re: Peder Olsen Kongslibakken og Jøran Erichsdatter Isemlia
Hei
Eg gjekk så lysteleg i gang med å finne desse folka, men så oppdaga eg at ved giftemål 23/7-1815 måtte personane vere født på 1700-talet. Og da katastrofe: oppbrende kyrkjebøker:
Dette står om kyrkebøkene for Fron http://www.arkivverk...storikk/Oppland
"Ved en kgl. res. 10.8. 1850, med virkning fra samme dag, ble Fron prestegjeld delt i Sør- og Nord-Fron prestegjeld. Embetshandlinger etter den tiden må derfor søkes i de to sokneprestembetene. Ved reskript 6.12.1737 ble "Breden-Bygden" delt mellom Vågå og Fron prestegjeld slik at gnr. 177-189 i Nord-Fron ble tillagt Fron prestegjeld, mens gnr. 198-204 og 208 i Sel ble lagt til Vågå prestegjeld.
Ved prestegardsbrann i 1806 gikk store deler av embetsarkivet tapt."
Og til det kan eg tilføye, kyrkjebøker frå før 1799 gjekk med i brannen, så det er ei stor utfordring.
Der de finn vist til "hovedkirken" så er det kyrkja i Sør-Fron, for det var hovudkyrkja i Frons-bygdene, før Sør- og Nord-fron vart skilde.
Det eg har greid å finne, er Jørand Eriksdtr konfirmert 22 år, 18/6-1809, (3de sundag etter Trintatis).
Har prøvd å finne noko i Garder og slekteri Fron (Einar Hovdhaugen). Isumlia står det berre følgjande om: I 1865 var det 10 husmannsplassar m.a 4 plassar Isumlia.
Isumlia nørdre vart fråskilt i 1935.(side 432)
Om Kongslibakken i band 2 s.143 står det omlag like "mykje": utskild til eige bruk 1951. Ikkje nemnd brukarar tidlegare.
Er lei for at eg ikkje kunne vere til meir hjelp her og nå.
Mvh
Wenche

Sist redigert av dn27834 den 22 jul 2012 10:18:04, redigert 1 gang totalt.
Re: Peder Olsen Kongslibakken og Jøran Erichsdatter Isemlia
Det er fleire som leiter etter desse folka, sjå
http://forum.arkivverket.no/topic/88553 ... n-soendre/
Mvh
Wenche
http://forum.arkivverket.no/topic/88553 ... n-soendre/
Mvh
Wenche
Re: Peder Olsen Kongslibakken og Jøran Erichsdatter Isemlia
Og på google vil du finne meir:
Historieportal » Blog Archive » Per Gjendem: Emigration in the 19th ...
http://www.pergjendem.com/?p=267
1 could well turn out to be Peder Olsen Kongslibakken Gammelsæter , f. 1790 på Sygard Kongsli, Fron, d. 1847 på Hustad. Gift (1) i 1814 med Gjørand Eriksdtr.
Historieportal » Blog Archive » Per Gjendem: Brønnil Knut
http://www.pergjendem.com/?p=820
5 mar 1830 på Tofte, Sør-Fron, Oppland, (sønn av Peder Olsen (1) Kongslibakken Gammelsæter og Gjørand Eriksdtr. Isumslia Hatle). a. Olava Knutsdtr.
Per Gjendem Lensmannslekta Blix i Ytre Romsdal - Historieportal
http://www.pergjendem.com/?p=3571
Hun giftet seg med (2) Gunder Olsen Aarøe, gift 13 aug 1721 i Molde, Møre og ..... 11 nov 1797 i Legrovik, Bolsøy, (datter av Peder Olsen (3) Aarøe Legrovik og ..... (sønn av Peder Olsen (1) Kongslibakken Gammelsæter og Gjørand Eriksdtr.

Takk for hjelp til å kome vidare Wenche. Frank som hadde etterlysning i 1999 (13 år utan eit svar) er min tremenning. Vi arbeidde ganske hardt den tida for å trenge bakover i slekta, også saman med Per Gjendem. som du la lenke til.
FT1801 finner vi vel foreldra til Peder Olsen samt søskena.
No har vi fått kyrkjebøkene, så det er vel råd å finne meir om denne familien etter 1801, dødsfall, konfirmasjoner osb.
Ellers fekk eg god hjelp til å tyde nokre av faddarane her.
FT1801 finner vi vel foreldra til Peder Olsen samt søskena.
No har vi fått kyrkjebøkene, så det er vel råd å finne meir om denne familien etter 1801, dødsfall, konfirmasjoner osb.
Ellers fekk eg god hjelp til å tyde nokre av faddarane her.
Re: Peder Olsen Kongslibakken og Jøran Erichsdatter Isemlia
Og CD'n som Fron Historielag har laga, får du kjøpt ved å vende deg til kasseraren i historielaget. For ca 2 år sidan kosta den ca kr. 200,00
Styret
I april 2012 vart det konstituert eit nytt styre: Anders Hage (leiar), Pål Oden (nestleiar), Solveig Hagen (bokansvarleg), Anders Nustad (kasserar), Ole Christian Risdal (ansvarleg for heimesida), Sigrid Bergseth (sekretær), Ragnhild Widme og Halfdan Haanshus.
Kasserar Anders Nustad, Moarusta 5, 2647 Sør-Fron mobil 913 42 201
Beste helsing
Wenche (ex sør-frønning)
Styret
I april 2012 vart det konstituert eit nytt styre: Anders Hage (leiar), Pål Oden (nestleiar), Solveig Hagen (bokansvarleg), Anders Nustad (kasserar), Ole Christian Risdal (ansvarleg for heimesida), Sigrid Bergseth (sekretær), Ragnhild Widme og Halfdan Haanshus.
Kasserar Anders Nustad, Moarusta 5, 2647 Sør-Fron mobil 913 42 201
Beste helsing
Wenche (ex sør-frønning)
Re: Peder Olsen Kongslibakken og Jøran Erichsdatter Isemlia
Og her er kanskje familien til Jøran Erichsdatter i FT1801 nederst. Eg ser både Marit Amundsdatter og Simen, bror til Jøran som er nemnt her opptrer som faddere når barna til Peder Olsen og Jøran vert døypt.
Takk for tips om CD.
Takk for tips om CD.
Re: Peder Olsen Kongslibakken og Jøran Erichsdatter Isemlia
Etter kva eg kan forstå, har du funne både Peder og Jøran med familie i FT 1801.
Oldefar min hadde eit lite gardsbruk, Ringstad, synst i Langlia på Sør-Fron. Og frå
"heim 2" som vi har på Vinstra ser vi rett bort i Kongslia.
Beste helsing
Wenche
Oldefar min hadde eit lite gardsbruk, Ringstad, synst i Langlia på Sør-Fron. Og frå
"heim 2" som vi har på Vinstra ser vi rett bort i Kongslia.
Beste helsing
Wenche
Re: Peder Olsen Kongslibakken og Jøran Erichsdatter Isemlia
Ellers går det fram av dåpen til Simen, barn av enka Mari Amundsdatter og Erich Simensen Isumlien at eg er på rett spor.
1800 9. feb. (født) Erich Simensen Isumlien og Marit Amundsd. B. Simen døpt 23/3. Lite kjent i området så eg har problem med å tyde kven Jomfrue er og etternamnet på siste fadder.
Dåpen på høgre side
Re: Peder Olsen Kongslibakken og Jøran Erichsdatter Isemlia
Det ser nesten ut som om ungen er døpt Sima, men det må vel være en feil? Barnet er konfirmert som Simon, så det må vel være presten som slurver litt her!
Fadderne ved dåpen:
Jomfrue Berg, Marie Isum, Peder og Ole ibd.
Mvh
Else B.
Fadderne ved dåpen:
Jomfrue Berg, Marie Isum, Peder og Ole ibd.
Mvh
Else B.
Re: Peder Olsen Kongslibakken og Jøran Erichsdatter Isemlia
Fadderane er:
Jomfru Berg, Marie Isum, Peder Isum, Ole Isum, Ole Flagsrud.
Beste helsing
Wenche
Else B
Ser eg "syner", er ikkje Ole Flagsrud med som fadder?

Nei, Wenche, du ser ikke syner! Det er jeg som blingser
Ole Flagsrud er med, han...
Mvh
Else B.
Mvh
Else B.
Re: Peder Olsen Kongslibakken og Jøran Erichsdatter Isemlia
Takk Else, det ville vere eksta ille å blingse på kyrkjeboka i fødebygda si, der ein meiner å kjenne dei brukte namna.
Re: Peder Olsen Kongslibakken og Jøran Erichsdatter Isemlia
Takk til både Else og Wenche. Eg og las det som Sima. Trudde Jomfrue var Berg, men langt frå sikker. Men Flagsrud var eg ikkje i nærleiken av å tyde.
Har kontakta Fron historielag om CD - så er det berre å vente. I ventetida får eg sjå om det er råd å finne noko i skifteprotokollane.
Har kontakta Fron historielag om CD - så er det berre å vente. I ventetida får eg sjå om det er råd å finne noko i skifteprotokollane.
Re: Peder Olsen Kongslibakken og Jøran Erichsdatter Isemlia
Har gått inn på Sør-Fron kommune, kartportalen og funne kart over nokre av dei stadene som er berørt i tråden:
gnr 248/bnr 1 Nord-Fron Kongsli Sygard
http://www.mgd.no/mgd/map.aspx
gnr 116/bnr 1 (=ein av Tofte-gardane på Sør-Fron)
http://www.mgd.no/mgd/map.aspx
Gnr 123/1 Isum Sør-Fron
http://www.mgd.no/mgd/map.aspx
gnr 123/bnr 2 Isumlia Sør-Fron
http://www.mgd.no/mgd/map.aspx
gnr 123/bnr 3 Flaksrud Sør-Fron (der eine faddaren kom frå)
http://www.mgd.no/mgd/map.aspx
Gnr 120/bnr 2 Ringstad (det oldefar min kjøpte i 1896)
http://www.mgd.no/mgd/map.aspx
Det er ikkje sikkert eg fekk fram kartet for kvar einskilt eigedom, men da må du leggje inn gnr/bnr for å finne fram til stadene, så veit du litt meir kor du finn heimane til desse folka dine når du reiser gjennom Gudbrandsdalen. Velg "alle teigar" så får du med fjelleigedomane også.

Interessant med karta du la ut lenke til! Eg kjem vel til leite meir i kyrkjebøkene. Rimelegvis er det etterslekt etter foreldra til både Jøren og Peder, samt eldste dattera Mari. Ein lokalhistorikar frå Molde meiner at sistnevnte havna på Snekkerstuen.
Nok ein gong - takk for kartinfoen.
Nok ein gong - takk for kartinfoen.