Legg inn
av dn14555 » 12. august 2008 kl. 23.35
Dette var pussig. i arbeidet med å finne fram i mi eiga slekt, har eg i kveld vore på Norddalsarkivet for å undersøkje nettopp denne slektsgreina, og når eg så heimkomen går inn på slektsforum etter nokre dagar, finn eg dette innlegget.
Eg har att mykje arbeid med dette, men her kjem noko.
Faren Ola Estinsson, i den tids skriftform Ole Østensen, var frå ein plass under Åseng i Heidalen; han tok namnet Lien etter den. Mora Rønnaug Jørnsdotter, eller Jørgensdotter slik det da vart skrive, var frå Bakken i Skårvangen. Dei gifta seg 05.11.1889 i Vågå. Så langt eg har oversikt over, vart dei buande i Skårvangen resten av livet. I 1991 er dei busette i Brynyløygarden, som nå heiter Nygård, og der budde dei fram til våren 1900. Deretter kom dei til Skjerstulen i same grenda, og så vidt eg veit, til slutt til ein Øygard i same grenda. Eg har funne at Ola Estinsson døydde som føderådsmann i Garden i Skårvangen 11.06.1946. Rønnaug Jørnsdotter døydde 17.10.1931 på Øygarden som husmannskone.
Dottera deira, Marie, var fødd 11.11.1894, ved dåpen var ho forresten innført som Marine! Ho hadde desse syskena:
- Rønnaug O. Lien, f. 12.01.1890, ugift og busett i Vågå da mora døydde i 1931.
- Anne Olsdotter, f. 11.12.1891, gift med Per Blikken i Skjåk.
- Ola O. Lien, f. 15.05.1897, busett i Gausdal.
- Jørgen (Jørn) O. Lien, f. 04.03.1900, død like etter fødselen.
- Jørgen (Jørn) O. Lien, f. 12.03.1901.
Mora Rønnaug Jørnsdotter var som sagt frå Bakken i Skårvangen, ho var fødd 11.12.1862 i Bakken av foreldre Jørn Eiriksson, gardbrukar i Bakken, og Anne Olsdotter frå sør-Skjedsvoll, fødd 16.07.1833, død 23.06.1924. Ho var eldste syster til min farfar. Foreldra hennar var Ola Toresson frå Nørstgard på Dovre, fødd 16.03.1805, død på sør-Skjedsvoll 08.08.1885, og Kari Hansdotter frå sør-Skjedsvoll, fødd juli/aug. 1805, død 15.06.1897.
Eg kjenner til bestefar din, Oskar, og kjende også far hans Tor O. Einstulen; han var postmann da eg var liten gut på 1950-talet.
Da eg arbeider med ei fullstendig oversikt over det eg kallar sør-Skjedsvoll-slekta, er eg svært interessert å få veta så mykje som mogleg om Marie og etterslekta hennar. Dersom du er interessert, har eg opplysningar mykje lengre bakover for slekta til Anne Olsdotter.
Med helsing
Jakup Skjedsvoll