Kven eigde minnestaven?

Moderator: MOD_Oppland

Svar
dn20182
Innlegg: 2092
Registrert: 23 mar 2006 10:28:22
Sted: FYRESDAL

Kven eigde minnestaven?

Legg inn av dn20182 » 08 okt 2010 21:03:00

Syster av mi bestemor, Hanna, blei gift med Jo(n) Guttormson Kvamme i Lom den 14.7.1915. Ho var jordmor i Lom og Skjåk i mange tiår og fortalte ho hadde teke mot tre generasjonar, der ho for gardimellom på sykkel. Etter dei mista Kvamme i Bøverdalen på tvangsauksjon i 30-åra budde dei på Stamstadbakken. Dotter deira Mari var som ei tante for meg. Ho var ugift og barnlaus, og etter henne har eg fått ei fin, tynn lita fjøl med vakre utskorne bokstavar. Her står på framsida: HPS Flaa OJD 1732 (eller kanskje 1739, to-talet kan tolkast som nital). Eg vil tru dette kan vera minne om eit bryllaup, men diverre byrjar kyrkeboka for Lom i 1733. På baksida av fjøla står det med like fine bokstavar GGSQ utan årstal, og det kan vel tenkjast å vera Guttorm Gabrielson på Kvamme i FT 1801, eller kanskje far hannoms. http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/We ... 13941#ovre

Kan nokon ha tankar om kven personane med initialane frå 1732 var?
Venleg helsing Kjetil

Brukeravatar
dn12117
Innlegg: 5304
Registrert: 15 nov 2004 11:36:40
Sted: MOELV

Re: Kven eigde minnestaven?

Legg inn av dn12117 » 31 okt 2010 23:03:12

Hei Kjetil.

Jeg har bygdebøkene for Lom i senteret mitt - vil du jeg skal se etter der (om det er med Bøverdalen enda da) - eller har du sett etter?

Jeg tror jeg har 4 bind av de bøkene - må se etter, men mener det.
Lillian Kristiansen

dn20182
Innlegg: 2092
Registrert: 23 mar 2006 10:28:22
Sted: FYRESDAL

Re: Kven eigde minnestaven?

Legg inn av dn20182 » 01 nov 2010 07:13:38

Det er kjempefint at du kan se etter!
Venleg helsing Kjetil

Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 424
Registrert: 29 nov 2004 08:56:33
Sted: VOLDA
Kontakt:

Re: Kven eigde minnestaven?

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 01 nov 2010 08:35:29

Vel, det var i alle fall iflg. Bygdabok for lom bd 3 s. 400 fødd ein Hans Persson på Flå kring 1723 (gift 1751 og tok over garden om lag samstundes).

dn20182
Innlegg: 2092
Registrert: 23 mar 2006 10:28:22
Sted: FYRESDAL

Re: Kven eigde minnestaven?

Legg inn av dn20182 » 01 nov 2010 17:28:44

Takk for innspel!
Venleg helsing Kjetil

gj15238
Innlegg: 15
Registrert: 27 feb 2012 08:56:42
Sted: Oslo

Re: Kven eigde minnestaven?

Legg inn av gj15238 » 28 nov 2013 11:34:47

oj så spennende ...Hans Persson Flå er i slekta mi i flere grener

Svar

Gå tilbake til «Lom»