Barna til Knut Knutson og Anne Semundsdotter (Knud Knudsen og Ane Summundsdatter)

Moderator: MOD_Hedmark

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 585
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Barna til Knut Knutson og Anne Semundsdotter (Knud Knudsen og Ane Summundsdatter)

Legg inn av Magnar Husby » 20. januar 2025 kl. 10.08

Streitliens Folldal 1 (2000-utgåva) nemner side 54 under Gnr 48 bnr 17 Rykroken (Tomtan, Stormæl-Tomtan) ein husmannsfamilie Knud Knudsen f 1728 og kona Anne Semundsdotter Brennryen f 1722 og følgjande barn: 1) ei dotter døypt 8.6.1760 2)Peder døypt 12.10.1766 (dette har eg kontrollert og funne dokumentert i kyrkjeboka). (Det er opplyst same stad at Knud Knudsen var frå Sunndal ELLER hadde røter frå Egga i Alvdal. Det siste er nok det rette, for det er ikkje funne spor av ein slik Knut Knutson frå Sunndal verken i Sunndalsbøkene eller av Knut Sæther, som har gjennomgått og kontrollert Sunndalsbøkene 1-5 for tidsrommet 1700-1900 med grundige kjeldetilvisingar i boka Familiar og slekter i Sunndal 1700-1900, utgj. 2024).

Det at familien hadde flytta til Sunndal var aktualisert av eit skifte i heimtraktene deira i 1774. Men da hugsa ikkje dei andre arvingane barna. Men skiftet kom opp på nytt i 1776, og da vart det sett opp ei liste med følgjande barn som skulle ha dratt til Øksendalen: 1.Semund 16 år 2.Knud 15 år 3.Ole 13 år 4.Berit 11 år 5.Simen 8 år. (Skifta er funne av Knut Sæther, og lenkjene er kopiert nedanfor. Han har også lese og tolka skifta, og han har ein presentasjon av dette i slektsforumet under Tingvoll i Møre og Romsdal under post «Knut Knutson f 1753 på Gjørsvikbakken, Tingvoll – kven var han?»).

Dei oppgjevne aldrane på barna er ikkje festa til årstal. Sonen Peder som var fødd i 1766, og som er dokumentert i kyrkjeboka, er ikkje nemnt i skifta. Så han har vel døydd frå dei tidleg. Men vi veit ikkje sikkert når dei drog til Øksendal heller. Eller om kona Ane Semundsdotter var med eller hadde døydd før dei drog.

Men vi har funne spor av Knut Knutson f 1728 og ein Knut Knutson som vi trur er sonen hans frå Folldal, og som var f ca 1753-1754. Den siste får nemleg to uekte barn i Øksendalen mens han oppheld seg på garden Sjølset i 1788 og 1789, der han og etter alt å døme blir gift med mora til det første barnet, Marit Hågensdotter Børset, Ole f 1788, og etter alt å døme får eit barn til med henne, Knut f 1792, før dei etablerer seg i Gjørsvikbakken i Tingvoll. Der får dei i tillegg Hågen f 1794, Semund f 1777, Marit f 1800, Ane f 1803 (døyr 4 timar gamal). Alle dei nemnde gutane har stor etterslekt (men Semunds etterslekt er ikkje kartlagt enda. Hågen har ei enorm etterslekt i USA). Marit drog til Øksendalen og vart gift der, men hadde ikkje etterkomarar. Namninga på desse barna samsvarar godt med at Knut Knutson Sjølset eigentleg var son til Knut Knutson og Ane Semundsdotter frå Folldal.

Knut Knutson f 1728 frå Folldal, har vi funne att i Jordalslia i Jordalsgrend. Han er nemnt i Sunndalsboka. Han er da gift for 2. gong, med ei med same namnet som kona til sonen, Marit Hågensdotter. Han får 3 barn med henne. På sine gamle dagar har dette ekteparet flytta til Eide i Tingvoll prestegjeld, no i Nesset. Der døyr Knut Knutson f 1728 i 1801. Jordalsgrenda, no i Øksendal/Sunndal, var fram til 1795 underlagt Tingvoll prestegjeld.

Tilbake til Folldal: Viss Berit var einaste dotter til Knut Knutson og Ane Semundsdotter, kan ho vere identisk med den dottera som var fødd 1760. Det høver med aldersforskjellen på henne og Knut. Vi har funne ein fadder som kan vere henne. Men dei andre barna: Semund, Ole og Simen, har vi ikkje funne spor av. Men Semund må da vere fødd ca 1751-1753, Ole ca 1755-1758, Simen ca 1763. Har nokon i Folldal noko kunnskap om dette og kvar dei kan ha vorte av? Årstalet familien drog mot Sunndal? Om Ane Semundsdotter var død eller med på ferda? Kva veg dei følgde til Øksendal? Under Ekstraskatten i 1762 er ingen av desse barna nemnde, men Knut Knutson og Ane Semudnsdotter er med som husmannsfamilie under garden Folldal. Dessutan er ei dotter Ane Semundsdotter hadde før ho vart gift nemnt som del av husmannsfamilien. Slektsforskar og moderator Tore Kristiansen i Kristiansund meiner at det truleg finst innflyttingsattestar til Sunndal prestegjeld i perioden i arkiva. Men det er jo ikkje så lett å få besøkt dei når ein ikkje bur i nærleiken. Skiftet 1774: https://www.digitalarkivet.no/sk20090107670512 Skiftet 1776: https://www.digitalarkivet.no/sk20090107670515
 
 
 

Magnar Husby
Innlegg: 585
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Barna til Knut Knutson og Anne Semundsdotter (Knud Knudsen og Ane Summundsdatter)

Legg inn av Magnar Husby » 20. januar 2025 kl. 16.17

Dette emnet bør vere interessant også for slektsinteresserte i Alvdal og Gamle Tynset prestegjeld, for Knut Knutson f 1728 hadde røtene sine på Egga i Alvdal. Røter som går langt attover i tid. Men faren hans, Knut Olson i Egga, kunne ikkje kjøpe garden sin på auksjon og flytta til heimplassen til kona Åste Simensdotter Kjølle i Folldal. Han døydde alt i 1728, og Åste Simensdotter gifta seg som enke med Ole Estenson Ryen. Han var altså stefar til barna til Åste og Knut Olson, og eg har ikkje fått klarlagt om Knut Knutson f 1728 var fødd i Egga/Alvdal eller på Kjølle/Folldal. Men han voks altså opp hos Ole Estenson Ryen. 

Magnar Husby
Innlegg: 585
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Barna til Knut Knutson og Anne Semundsdotter (Knud Knudsen og Ane Summundsdatter)

Legg inn av Magnar Husby » 31. januar 2025 kl. 19.21

Anne Semundsdotter var fødd 1722. I 1760 ho når etter kyrkjeboka får ei unamna dotter, er ho altså 38 år, og 44 år når ho får sonen Peder i 1766.  Ho hadde den uekte dottera si Kari med Kristoffer Madsson Grimsbu i 1746, og Kari bur altså i huset til mora under ekstraskatten 1762. Men dei andre barna er ikkje nemnde. Men sjøl etter alderen oppgjevne i skiftet 1776 er somme av dei alt fødd. Eg har leita mykje etter giftemålet til Knut Knutson og Anne Semundsdotter, men ikkje funne det. Men det er eit tomrom i dei skanna kyrkjebøkene for Tynset prestegjeld frå ut i året 1753 til og med 1757. Knut Knutson og Anne Semundsdotter kan ha vorte gift og fått dei første barna i den perioden. Eg finn det iallfall litt uvanleg at Anne Semundsdotter skal ha fått opptil 6 barn frå da ho var ca 38 år til ho døydde ca 1766-1767 over 44 år gamal. 

Svar

Gå tilbake til «Folldal»