Georg Johansson, Indaröd, Sverige, forlova i Aalesund

Moderator: MOD_Emigranter

Svar
Sigurd Eliassen
Innlegg: 75
Registrert: 5. desember 2004 kl. 20.09
Sted: BRANDAL

Georg Johansson, Indaröd, Sverige, forlova i Aalesund

Legg inn av Sigurd Eliassen » 25. mars 2019 kl. 22.16

I mannskapslista for ishavsskuta D/S Aslak som forliste i Vesterisen med alle mann saman med fem andre skuter i orkanen i påska 1917, er ein av dei som kom vekk følgjande person slik det står i avisene i 1917:

"Stuert Georg Johansson, Indaröd, Sverige, forlova i Aalesund."

Dette er alt eg veit om han. Ei ulempe er at vi ikkje har alder.

Eg finn ingen stad i Sverige som heiter Indaröd, og eg lurer på om det kan vere feilskriving for Ingarö. På Wikipedia står det følgjande om plassen:

"Ingarö er en øy i Värmdö kommune, Stockholms län. Øya utgjorde frem til 1952 hoveddelen av Ingarö landskommun da kommunen ble innlemmet i Gustavsberg kommune, som i 1974 ble en del av Värmdö. Største tettsted er Brunn. På Ingarö kirkegård ligger Sveriges første flyver, Carl Cederström, begravd. Wikipedia
Område: 63,26 km²
Kommune: Värmdö kommune
Øygruppe: Stockholms skjærgård"

Eg prøver å registrere familiane til alle som kom vekk i forlisa, men her slit eg med å kome vidare. Eg har ikkje erfaring med å leite etter personar i Sverige.

Er det nokon på forumet her som har høve til å sjå om det kan finnast spor etter han?

Mannskaplistene vart kunngjorde mellom anna i Trondhjems Folkeblad 22de september 1917, sjå denne lekkja:

https://www.nb.no/items/577b631f48f7649 ... 370?page=1

gj16290
Innlegg: 1011
Registrert: 5. mai 2012 kl. 21.07
Sted: Forsand

Re: Georg Johansson, Indaröd, Sverige, forlova i Aalesund

Legg inn av gj16290 » 15. april 2019 kl. 19.10

Hvem forlovet han seg med i Ålesund?

Mvh
Jan S

gj16290
Innlegg: 1011
Registrert: 5. mai 2012 kl. 21.07
Sted: Forsand

Re: Georg Johansson, Indaröd, Sverige, forlova i Aalesund

Legg inn av gj16290 » 15. april 2019 kl. 19.50

Jeg har tilgang til Svenske Kirkebøker,
og hjelper deg gjerne.

Kan vi gå ut fra at han var mellom 20 og 25 år da
han omkom?

Mvh
Jan S

Sigurd Eliassen
Innlegg: 75
Registrert: 5. desember 2004 kl. 20.09
Sted: BRANDAL

Re: Georg Johansson, Indaröd, Sverige, forlova i Aalesund

Legg inn av Sigurd Eliassen » 15. april 2019 kl. 20.44

Problemet vårt er at eg veit ikkje meir enn det som står i etterlysninga.

Så einaste sporet er Indaröd - som eg trur er feilskriving.

Dette er nok som å leite etter nåla i høystakken.

mvh
Sigurd Eliassen

gj16290
Innlegg: 1011
Registrert: 5. mai 2012 kl. 21.07
Sted: Forsand

Re: Georg Johansson, Indaröd, Sverige, forlova i Aalesund

Legg inn av gj16290 » 24. april 2019 kl. 19.42

Jeg skal prøve og hjelpe deg.
Mvh
Jan S

Svar

Gå tilbake til «Sverige»