Bind 1/side 432 Hoem – Straumneset

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2978
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 1/side 432 Hoem – Straumneset

Legg inn av Knut Sæther » 19. mars 2016 kl. 20.32

Om Maria Olsdotter Hoem les vi at ho var f. 1757, og gift i 1800 med husmannen Kristen Eriksson Hoem. Desse hadde ein son Erik f. 1791. Det står ikkje noko om avstamminga til Maria.

Opplysningar i kjeldene tyder på at ho var dotter til Ole Bersvendsson på Åfaret i Jordalsgrenda. (Han hadde ei dotter Mari døypt i 1758.) Ved dåpen til Erik er mora kalla «Aafar» (venstre spalte på venstre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A06 (1776-1794), Kronologisk liste 1791, side 220-221.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-111
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 670602.jpg

Ved vigselen med Kristen i 1800 opptrer Ole Bersvendsson «Aafare» som kausjonist (venstre spalte på høgre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A07 (1794-1819), Kronologisk liste 1800, side 98-99.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-55
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 670687.jpg

Dåpen til Mari (venstre spalte på venstre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A05 (1751-1776), Kronologisk liste 1758, side 206-207.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-106
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 670214.jpg

Denne Mari er nemnt i Sunndalsboka, utan at det der går fram kvar ho vart av.

Svar

Gå tilbake til «Gjemnes: Gards- og ættesoge for Tingvoll, bind 1»