Bind 1/side 309 Flemsæter – Øverplassen

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2978
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 1/side 309 Flemsæter – Øverplassen

Legg inn av Knut Sæther » 20. april 2013 kl. 10.39

Om Sigrid Olsdotter f. 1823, dotter til Ole Arntsson, blir det opplyst at ho vart gift med Trond Eriksson Flemsæter, Gammelplassen.

Dette er ikkje korrekt. I 1851 gifta ho seg nemleg i Kristiansund med Ole Ivarsson frå Sunndal (sjå sjuande innførselen ovanfrå):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A07 (1842-1855), Ekteviede 1851, side 35.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-259

Og her er trulovinga deira nedst på høgre side:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Forlovererklæringer nr. 16 (1846-1855), Forlovererklæringer 1851, side 38.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-37

Ole Ivarsson var f. 1814 og son til Ivar Evensson og Mali Jonsdotter på Børstølen i Sunndal. Foreldra og søskena hans er omtala i Sunndalsboka bind 4 s. 90, men Ole er utelaten der. Her er dåpen hans (nr. 10):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A02 (1794-1820), Fødte og døpte 1814, side 51.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-35

Han og Sigrid Olsdotter er omtala under Bjerkestrand (Solli) i Gards-og ættesoge for Frei bind 1 s. 380.

Sjå elles rettinga til bind 1 s. 310:

http://slektsforum.slektogdata.no/viewt ... p?t=116241
 

Svar

Gå tilbake til «Gjemnes: Gards- og ættesoge for Tingvoll, bind 1»