Bind 3/side 112 Seljebøen – Nygard

Svar
gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Bind 3/side 112 Seljebøen – Nygard

Legg inn av gj04325 » 17 feb 2015 14:20:02

Bygdabokforfattaren skriv om Marie (Maria) og Ingri Åram (fødde i høvesvis 1873 og 1881) frå ”Rugstøet” på Ålvundeidet som busette seg på Nygard i 1921. Det står at faren til desse to var Hans Hansson frå Lesja, og at mora var frå Oppdal. Men dette er feil. (Denne Hans og familien hans er elles omtala i Sunndalsboka bind 5 s. 250, og i boka Ålvundeid s. 282.)

Marie og Ingri var etter alt døme barnebarn til Hans Hansson og kona hans, nærare bestemt døtrer til dottera deira Brit (f. 1847).

Dåpen til Marie viser at faren hennar var ein svenske som heitte Klaus Magnus (nr. 20):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Øksendal, Ministerialbok nr. 588A02 (1871-1885), Fødte og døpte kvinner 1873, side 36.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-32

Og ved dåpen til Ingri ser vi at faren var Hans Andreasson Vammer frå Oppdal (nr. 13):

informasjon: Møre og Romsdal fylke, Øksendal, Ministerialbok nr. 588A02 (1871-1885), Fødte og døpte kvinner 1881, side 49.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-45

Her er Marie i Stangvik i FT 1900:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webce ... =2002#ovre

Ingri tente på same tidspunktet på Årammen på Ålvundeidet:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webce ... k=239#ovre

Brit Hansdotter døydde ugift på Årammen i 1916 ifølgje Sunndalsboka.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Heimar og ætter i Stangvik, bind 3»