Bind 3/side 276 Nes – Nestua

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2984
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 3/side 276 Nes – Nestua

Legg inn av Knut Sæther » 17. februar 2015 kl. 13.20

Her er barna til Jo (Jon) Johansson og Marit Kristensdotter oppført. Dottera Ildri og sonen Johan står det ikkje noko om skjebnen til. Om dottera Lisbet blir det opplyst at ho vart gift første gong med Henrik Evensson Åram, og andre gong med Knut Larsson Åram.

Dottera Ildri var det skifte etter i Sunndal i 1781 (folio 224b, venstre side):

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24651/241/

Skiftet viser at det var ho som hadde vore gift med Knut Larsson (Øyen) på Årammen.

Her er vigselen til Ildri og Knut i 1766 (nr. 1, høgre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A01 (1752-1793), Ekteviede 1759-1766, side 102.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-78

I kyrkjeboka er det ikkje notert at Ildri var enkje, men ifølgje Sunndalsboka hadde ho vore gift med den forrige brukaren, Henrik Evensson.

Så får vi i skiftet nokre opplysningar om broren Johan: Han var død, men lét etter seg to barn: a) Nils – smed, myndig, gift og busett i Kristiansund, og b) Martha – gift med Lars Larsson Husby i Øksendalen. Martha og Lars er omtala under Øksendalsøra (Nerøra) i Sunndalsboka bind 4 s. 119-120, og under Husby (Ångarden) i same bindet s. 143 (der står det ikkje noko meir om Martha enn at ho var f. ca. 1744 og frå Stangvik).

Når det så gjeld Lisbet, fortel skiftet at ho var gift med Jon Olsson Bråten. Desse to står det meir om under Storbråtten i Sunndalsboka bind 5 s. 201, og i same bindet s. 165 under Gjersvoll der dei var gardfolk først. (Lisbet er elles ukjend for bygdabokforfattaren.)

Vigselen til Lisbet og Jon i 1756 (nr. 4, venstre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A01 (1752-1793), Ekteviede 1754-1759, side 101.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-77

Lisbet er her ført opp som ei Jensdotter, men det er altså ikkje heilt rett.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Heimar og ætter i Stangvik, bind 3»