Bind 1/side 115 Endreset

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2983
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 1/side 115 Endreset

Legg inn av Knut Sæther » 24. januar 2015 kl. 10.49

Her er Henrik Olsson og Mali Knutsdotter samt ei dotter Ane f. 1819 omtala.

Henrik og Mali hadde òg døtrene Christianna f. 1823 og Hendricha f. 1828.

Dåpen til Christianna (nr. 3):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Frei i Tingvoll, Klokkerbok nr. 573C01 (1819-1834), Fødte og døpte 1821-1823, side 20-21.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-12

Dåpen til Hendricha (nr. 9):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Frei i Tingvoll, Klokkerbok nr. 573C01 (1819-1834), Fødte og døpte 1826-1828, side 62-63.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-34

Christianna vart gift med Tarald Olsson, og her er desse med fire barn i FT 1865 for Kristiansund:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webce ... k=581#ovre

Eg har ikkje funne trulovinga eller vigselen til dei to, men det kan ikkje vere nokon tvil om at ektefellen til Tarald var dottera til Henrik og Mali på Frei. Vi ser at både alderen hennar og fødestaden stemmer i teljinga. Ved dåpen til det som må vere Tarald og Christianna si dotter Marie Margrethe i 1854, finn vi dessutan namna Anne Hendriksdotter og Hendrikke Hendriksdotter Endreset mellom fadrane (innførselen øvst på sida):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A07 (1842-1855), Fødte og døpte 1854, side 68.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-141

Tarald Olsson var f. 1820 i Sunndal, og son til Ola Taraldsson og Marit Andersdotter, som vart husmannsfolk på plassen Liahaugen under Talset i Nesset. Sjå Gards- og ættesoge for Nesset bind 3 s. 207–208. (Tarald har ikkje kome med der, men nokre av søskena hans er nemnde.)

Dåpen til Tarald (nr. 9):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Romfo i Sunndal, Ministerialbok nr. 590A03 /2 (1820-1832), Fødte og døpte 1820, side 62-63.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... dx_side=-3

I tillegg til dei barna som er oppførte i folketeljinga, fekk Christianna og Tarald ein son Peder Andreas som var døypt i 1860 (den åttande innførselen ovanfrå):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A09 (1855-1865), Fødte og døpte 1860, side 87.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-89

Men denne sonen døydde i 1863 (den sjuande innførselen ovanfrå):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 2b (1855-1865), Døde og begravede 1864, side 74.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-77

Dottera deira Marie Margrethe vart gift med Kristian Olsson, ein son til Ole Olsson og Anne Olsdotter på plassen Hølu under Furu – sjå Sunndalsboka bind 3 s. 163. Her er vigselen deira i Kristiansund 15. november 1874:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A10 (1865-1876), Ekteviede 1874, side 53.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-55

Tarald Olsson hadde elles to barn utanom ekteskap i Tingvoll: Ein son Anders f. 1842 med Brit Pedersdotter Sortdal (nr. 129) …

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A09 (1829-1843), Fødte og døpte 1842, side 190.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-190

… og ei dotter Ane f. 1845 med Gunild Bårdsdotter Stomsvik (nr. 44):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A10 (1844-1856), Fødte og døpte 1845, side 15.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-17

Sonen Anders vart konfirmert i 1858 (nr. 29):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll i Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A11 (1857-1866), Konfirmerte 1858, side 93.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-96

Dottera Ane ser det ut til tente i Edøy i 1900:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webce ... =1511#ovre

Her er Tarald og ektefellen i FT 1900 (mannen har fått feil fødestad):

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webce ... =7666#ovre

Tarald Olsson døydde i 1904 (nr. 64):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572D04 (1903-1916), Døde og begravede menn 1904, uten sidenr.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-43

Svar

Gå tilbake til «Frei: Gards- og ættesoge for Frei»