Bind 1/side 075 Møst – Buvollen

Svar
gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Bind 1/side 075 Møst – Buvollen

Legg inn av gj04325 » 09 mar 2014 11:06:39

Her er husmannsfolka Erik Sivertsson Ørsund og Dordi Bersveinsdotter omtala. Det står ikkje noko om avstamminga deira, men det blir antyda at mannen kom frå Sunndalen på grunn av Ørsund-namnet. Nemnt er òg ei dotter Elen Dorthea f. 1840. ”Dette er alt ein veit om denne husmannen,” skriv bygdebokforfattaren til slutt i omtalen.

Alt tyder på at Erik Sivertsson var f. 1800 i Sunndalen som son til Sivert Eriksson på Litlfale og Ranni Pedersdotter Ørsund. Her er lenkje til dåpen hans (nr. 33):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A02 (1794-1820), Fødte og døpte 1800-1802, side 30.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-14

Avstamminga til foreldra har eg ikkje funne, men faren vart konfirmert i Sunndal i 1798, og ifølgje kyrkjeboka var han da 17 år (nr. 9):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A02 (1794-1820), Konfirmerte 1796-1798, side 66.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-50

I 1801 står han oppført som 18 år gammal:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... k=194#ovre

Kvinna var på Ørsund i 1801, og ut frå den oppgjevne alderen var ho f. ca. 1771:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... k=273#ovre

Det var i 1832 at Erik Sivertsson og Dordi Bersveinsdotter gifta seg (nr. 5 på høgre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Hov i Sunndal, Ministerialbok nr. 590A03 /1 (1819-1832), Ekteviede 1830-1832, side 376-377.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-45

Dordi var etter alt å dømme dotter til Bersvein Knutsson Stranden og Sigrid Olsdotter. Dåpen hennar i Øksendalen i 1800 (ho var døypt Dorethe - nr. 25 på venstre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A02 (1794-1820), Fødte og døpte 1800, side 29.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-13

Foreldra til Dordi er så vidt omtala under plassen Hammeren (på Tredalen) i Sunndalsboka bind 4 s. 34, men dottera er ikkje nemnt der.

Erik og Dordi fekk to barn i Sunndal før dei flytta til Frei: Sigrid f. 1830 og Rennei og Anne (tvillingar) f. 1832.

Dåpen til Sigrid (nr. 8):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Hov i Sunndal, Ministerialbok nr. 590A03 /1 (1819-1832), Fødte og døpte 1830, side 44-45.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-25

Dåpen til Rennei og Anne (nr. 12 og 13):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Hov i Sunndal, Ministerialbok nr. 590A03 /1 (1819-1832), Fødte og døpte 1832, side 54-55.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-30

Rennei vart konfirmert i Frei ca. 1848:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A07 (1842-1855), Konfirmerte 1842-1854, side 23.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-187

Anne døydde som spedbarn (nr. 5 på høgre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Hov i Sunndal, Ministerialbok nr. 590A03 /1 (1819-1832), Døde og begravede 1829-1832, side 192-193.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-37

I tillegg til den dottera som er nemnt i bygdeboka for Frei, hadde dei døtrene Anna f. 1835 (tvilling – den andre tvillingen var nok anten dødfødd eller død kort tid etter fødselen) og Sigrid f. 1836.

Dåpen til Anna (nr. 23):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A06 (1832-1842), Fødte og døpte 1835, side 19.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-19

Dåpen til Sigrid (nr. 104):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A06 (1832-1842), Fødte og døpte 1837, side 32.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-32

Svar

Gå tilbake til «Frei: Gards- og ættesoge for Frei»