Bind 2/side 024 Vulvik – Hagen

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2983
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 2/side 024 Vulvik – Hagen

Legg inn av Knut Sæther » 19. mars 2016 kl. 22.00

Om Tore Johansson står det at han i 1875 vart gift med Helga Olsdotter frå Øksendal, f. 1848. Det er ikkje nemnt noko om avstamminga til Helga.

Ho var f. i 1847 som dotter til Ole Andersson og Magnhild Eriksdotter på Øvre Jordal bruk nr. 1 i Jordalsgrenda – sjå Sunndalsboka bind 5 s. 79. (Der står det ikkje noko om skjebnen hennar.)

Dåpen hennar (nr. 35):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A05 (1847-1877), Fødte og døpte 1847, side 3.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... dx_side=-6
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 040326.jpg

Vigselen mellom Helga og Tore viser at far hennar heitte Ole Andersson. Mellom forlovarane finn vi Ole Øverjordal (nr. 2):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll i Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A12 (1867-1878), Ekteviede 1875, side 156.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-155
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 670293.jpg

Helga vart konfirmert i Tingvoll i 1864, og med namnet Vulvik. I ettertid er det notert at ho hadde fått eit barn i 1873 (jf. «NB 1873»), og at ho vart gift i 1875. Konfirmasjonen er her (nr. 52):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll i Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A11 (1857-1866), Konfirmerte 1865, side 117.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-120
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 010899.jpg

Barnet heitte Edvard, og faren var den komande ektemannen til Helga (nr. 22):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll i Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A12 (1867-1878), Fødte og døpte 1873, side 49.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-52
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 670190.jpg

Edvard er i bygdeboka ført opp som f. 1872, men det er altså feil år.

Svar

Gå tilbake til «Tingvoll: Gards- og ættesoge for Tingvoll, bind 2-3»