Bind 3/side 523 Fjøseid – Vikan

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2978
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 3/side 523 Fjøseid – Vikan

Legg inn av Knut Sæther » 6. mars 2016 kl. 11.37

Som kona til Bersvein Alvsson Skrondal er oppført Ingeborg Andersdotter, slik det òg går fram av FT 1801 for Tingvoll. Men ho var ei Olsdotter, og det farsnamnet er notert ved dåpen til alle dei fire barna som ho og mannen hadde. (Vigselen til dei to har eg ikkje funne.)

Bygdebokforfattaren nemner ikkje noko om avstamminga til Ingeborg, men ho var f. 1754 som dotter til Ole Larsson på Mosbøen i Øksendalen – sjå Sunndalsboka bind 4 s. 230 (der står det ikkje noko om skjebnen hennar). Grunnlaget for den slutninga finn vi i eit skifte frå 1822 etter søsterdottera hennar med same namnet (ei husmannskone på Oppdølsneset). I skiftet får vi vite at Ingeborg (kona til Bersvein altså) var død, men at ho hadde ei dotter Marit Bersveinsdotter som var gift med «Huusmand Thore Wiigen under Gaarden Fjøseide» i Gagnat tinglag. Desse to sistnemnte er omtala både s. 523 og s. 524 under Vikan. Link til skiftet:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Nordmøre sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 26 , 1817-1822, oppb: Statsarkivet i Trondheim.
Merknader: Gammelt register.
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24659/502/

I bygdeboka er Bersvein og Ingeborg oppført med to barn, Marit f. 1791 og Gurå f. 1795. Men dei fekk òg ei dotter Ingeborg f. 1797 og ein son Ole f. 1802.

Dåpen til Ingeborg (venstre spalte på høgre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A07 (1794-1819), Kronologisk liste 1797, side 57-58.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-34
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 670666.jpg

Dåpen til Ole (venstre spalte på høgre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A07 (1794-1819), Kronologisk liste 1802, side 132-133.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-72
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 670704.jpg

Denne Ole ser det ut til døydde i 1804 (øvst i venstre spalte på venstre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A07 (1794-1819), Kronologisk liste 1804, side 162-163.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-87
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 670719.jpg

Elles var ikkje dottera Marit f. i 1791, men i 1792. Her er dåpen hennar (nedst i venstre spalte på høgre side, samt øvst i venstre spalte på den påfølgjande sida):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A06 (1776-1794), Kronologisk liste 1792, side 236-237.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-119
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 670610.jpg

Svar

Gå tilbake til «Tingvoll: Gards- og ættesoge for Tingvoll, bind 2-3»