Bind 2/side 085–86 Gyl – Teigan

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2978
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 2/side 085–86 Gyl – Teigan

Legg inn av Knut Sæther » 4. mai 2013 kl. 18.53

Her står det at brukaren Knut Pedersson Smedplassen frå Rennebu vart gift med ei Kari Knutsdotter f. 1799 i Romfo i Sunndal, og at denne Kari (etter at Knut døydde i 1837) gifta seg på nytt med nestemann på bruket, Elling Jonsson Bersås.

Kjeldene viser at desse opplysningane om ektefellen til Knut Pedersson er feil. Det var skifte etter Knut i 1838, og dette fortel at han hadde vore gift med ei Anne Estensdotter, og som han hadde mange barn med (folio 412a):

Kjeldeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Nordmøre sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 30 , 1838-1841, oppb: Statsarkivet i Trondheim.
http://arkivverket.no/URN:sk_read/24663/138/

Også i eit kårbrev frå 1843 går det fram at enkja han let etter seg heitte Anne Estensdotter (folio 550a i panteboka):

Kildeinformasjon: Protokollnummer: 11b, Sted: Nordmøre sorenskriveri, Oppbevaringssted: SAT
http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?i ... x_side=-98

Knut Pedersson og familien som han kom frå er omtala under Skamfersetra i Rennebuboka bind 3 s. 254–255. Der kan vi lese at han vart gift med Anne Estensdotter, og at han med henne hadde barna Jonas f. 1825 og Svend f. 1827. Vidare får vi vite at Knut tok over Smedplassen på Innset (i Kvikne), men at han selde plassen i 1830 og flytta til Tingvoll.

Knut Pedersson og Anne (Ane) Estensdotter vart gift i Lade i Strinda i 1816 (nr. 6):

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Lade i Strinda, Klokkerbok nr. 606C02 (1797-1829), Ekteviede 1816-1818, side 272-273.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-134

Ein gong mellom 1822 og 1825 flytta familien til Innset. I 1829 finn vi dei innflytta frå Innset til Tingvoll (nr. 194-194):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A08 (1819-1829), Innflyttede 1828-1829, side 598-599.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-239

Så over til Kari Knutsdotter. Ho kom frå Søgarden Reitan, og var dotter til Knut Olsson og Anne Olsdotter – jf. s. 473 i bind 2 av bygdeboka for Tingvoll (ho er der oppført med 1795 som fødselsår). Forfattaren skriv at det er uvisst kvar foreldra til Kari var frå. Det står som rett er at Kari vart gift med Elling Jonsson Bersås. Vigselen fann stad i 1826 (nr. 17):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A08 (1819-1829), Ekteviede 1827-1828, side 374-375.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-170

Vi ser at brura er oppført med alderen 27 år, som skulle tilseie at ho var f. 1799.

Elling Jonsson og Kari Knutsdotter er omtala i Gards- og ættesoge for Nesset bind 3 s. 240–241. Men opplysningane der om at Kari må ha døydd rundt 1838, og at Elling vart gift på nytt omkring 1840 med ei enkje Kari Knutsdotter på bruket Teigan på Gyl, er altså ikkje korrekte. Derfor er da heller ikkje noko dødsfall til den første Kari å finne i kyrkjeboka, og heller ikkje nokon vigsel mellom ein enkjemann Elling og ei ny Kari.

Ifølgje FT 1865 var ektefellen til Elling Jonsson fødd i Sunndal, og den oppgjevne alderen på 67 år passar bra med 1799 som fødselsår. Elles får vi stadfesta at Kari var frå Søgarden Reitan, for den uekte dottera hennar, Anne Olsdotter f. 1823 (nemnt i Tingvoll-boka), budde hos mora og stefaren:.

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =1225#ovre

(Elling har i teljinga namnet Erling, og er feilaktig oppført som ein Knutsson.)

Elling Jonsson døydde i 1872 (nr. 28):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll i Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A12 (1867-1878), Døde og begravede 1873, side 180.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-176

Kona Kari Knutsdotter gjekk bort i 1887, og i kyrkjeboka er fødselsår og fødestad notert (nr. 3):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll i Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A13 (1879-1892), Døde og begravede 1887, side 207.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-206

Oppsummering: Knut Pedersson på bruket Teigan på Gyl var ikkje gift med nokon Kari Knutsdotter, men med Anne Estensdotter. Etterfølgjaren Elling Jonsson gifta seg ikkje med noka enkje, og han var gift berre ein gong.

Knut Sæther
Innlegg: 2978
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Bind 2/side 85–86 Gyl – Teigan

Legg inn av Knut Sæther » 22. juni 2013 kl. 19.37

I skiftet etter Knut Pedersson på Gyl (sjå første innlegg) er oppført ni av dei ti barna som han og Anne Estensdotter hadde. Det tiande, Knut Andreas, var fødd etter at skiftet vart halde. Nedanfor er lenkjer til dåpen til alle barna, samt til nokre andre opplysningar. Det er elles berre to av barna som er nemnde i bygdeboka, nemleg Peter Andreas og Knut Andreas.

1. Anne Martha f. 1815, døypt i Selbu (folio 214, dåp nr. 3):

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Selbu, Ministerialbok nr. 695A03 (1801-1815), Kronologisk liste 1815, side 214.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-213

I 1839 vart ho gift i Trondheim med John Larsson Huusbye (nr. 19):

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Vår Frue kirke i Trondheim, Ministerialbok nr. 602A07 (1821-1840), Ekteviede 1839, side 358.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-91

2. Peter Andreas f. 1816, døypt på Lade i Strinda (nr. 1):

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Lade i Strinda, Klokkerbok nr. 606C02 (1797-1829), Fødte og døpte 1817, side 96-97.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-49

Han var nok den Peter Knutsson Gjul som er registrert utflytta frå Tingvoll til Frei i 1848 (nr. 14):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A10 (1844-1856), Inn- og utflyttede 1848, side 463.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-403

3. Ole f. 1818, døypt på Lade i Strinda (nr. 4):

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Lade i Strinda, Klokkerbok nr. 606C02 (1797-1829), Fødte og døpte 1819, side 102-103.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-52

4. Esten f. 1820, døypt på Lade i Strinda (nr. 31):

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Lade i Strinda, Klokkerbok nr. 606C02 (1797-1829), Fødte og døpte 1820, side 110-111.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-56

I 1847 er han registrert utflytta frå Tingvoll til Kristiansund (nr. 1):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A10 (1844-1856), Inn- og utflyttede 1847, side 459.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-399

5. Karen f. 1822, døypt på Lade i Strinda (nr. 40):

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Lade i Strinda, Klokkerbok nr. 606C02 (1797-1829), Fødte og døpte 1822, side 128-129.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-65

6. Jonnas f. 1825, døypt på Innset i Kvikne (nr. 6):

Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Kvikne, Ministerialbok nr. 4 (1815-1840), Fødte og døpte 1822-1825, side 54-55.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-28

Han er i 1830 registrert utflytta til Tingvoll med oppført alder 5 år (nr. 6):

Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Kvikne, Ministerialbok nr. 4 (1815-1840), Utflyttede 1830-1832, side 574-575.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-166

I 1841 vart han konfirmert i Tingvoll (nr. 16):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A09 (1829-1843), Konfirmerte 1841, side 254.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-253

7. Svend f. 1827, døypt på Innset i Kvikne (nr. 1):

Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Kvikne, Ministerialbok nr. 4 (1815-1840), Fødte og døpte 1827, side 76-77.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-39

8. Michel f. 1829, døypt i Tingvoll (nr. 27):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A08 (1819-1829), Fødte og døpte 1829, side 250-251.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-123

I 1850 er han registrert utflytta til Trondheim (nr. 3):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A10 (1844-1856), Inn- og utflyttede 1850, side 468.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-409

9. Johan f. 1835 i Tingvoll (nr. 66):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A09 (1829-1843), Fødte og døpte 1835, side 75.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-75

10. Knut Andreas f. 1838 i Tingvoll (nr. 67):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A09 (1829-1843), Fødte og døpte 1838, side 121.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-121

Mora til dåpsbarnet er ført opp som ei Knutsdotter, men det må vere feil.

Knut Andreas er det nok som blir konfirmert i 1853 som 15-åring (svak skrift, nr. 16):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A10 (1844-1856), Konfirmerte 1853, side 285.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-269

I Tingvoll-boka står det elles at sonen Peter Andreas var fødd kring 1836, men det er nok meint å stå 1816. Nokon Peter Andreas fødd rundt 1836 har eg da heller ikkje funne dåpen til.

Til slutt kan nemnast at mor til denne barneflokken, Anne Estensdotter, var f. 1790 i Selbu. Ho var dotter til husmannsfolka Esten Estensson og Gjertrud Bersvendsdotter – sjå elles side 143 i bind 7 av bygdebokverket Selbu i fortid og nåtid.

Svar

Gå tilbake til «Tingvoll: Gards- og ættesoge for Tingvoll, bind 2-3»