Bind 1/side 378-379 Langholmen

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2824
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 1/side 378-379 Langholmen

Legg inn av Knut Sæther » 10. mars 2013 kl. 14.53

Under avsnittet "Familiar i uidentifiserte heimar" er Jørgen Hågensson omtala. Det står at han var enkjemann, og at han vart gift på nytt i 1830 med Gjertrud Andersdotter Fruhavn. Det er nemnt at han da var 27 år og skreiv seg for Hønsvik, men at han ikkje er funnen i Halsaboka.

Nedanfor er meir informasjon om denne Jørgen Hågensson. Men først ein korreksjon: Ekteskapet med Gjertrud vart inngått i 1839 (nr. 8):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Edøy, Ministerialbok nr. 581A04 (1836-1852), Ekteviede 1840, side 324.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-139

Vi ser at far hans var Hågen Jørgensson „Hønsenvig“.

Jørgen vart gift første gong i Stangvik (Halsa) i 1836 med Marit Olsdotter, dotter til Ole Toresson Hønsvik (nr. 2):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Halsa i Stangvik, Ministerialbok nr. 592A03 /2 (1831-1849), Ekteviede 1836, side 467.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-155

Her er faren til Jørgen ført opp med namnet Dalsbø, og det er notert at han var fødd i Sunndalen.

Med Marit Olsdotter hadde Jørgen barna Oline f. 1833 og Hans f. 1836.

Dåpen til Oline (nr. 39):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Halsa i Stangvik, Ministerialbok nr. 592A03 /2 (1831-1849), Fødte og døpte 1833, side 158.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-16

Dåpen til Hans (nr. 27):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Halsa i Stangvik, Ministerialbok nr. 592A03 /2 (1831-1849), Fødte og døpte 1836, side 174.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-33

Mora Marit Olsdotter døydde i 1837 (nr. 15):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Halsa i Stangvik, Ministerialbok nr. 592A03 /2 (1831-1849), Døde og begravede 1837, side 587.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-199

Her er Jørgen Hågensson og dei to barna registrert utflytta til Edøy i 1838 (nr. 5–7):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stangvik i Stangvik, Ministerialbok nr. 592A03 /1 (1831-1849), Inn- og utflyttede 1837-1847, side 636.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-293

Dottera Oline døydde i Halsa i 1850 (nr. 40):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Halsa i Stangvik, Ministerialbok nr. 576A01 (1849-1865), Døde og begravede 1851, side 430.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-173

Sonen Hans var nok den Hans Jørgensson Langholm som vart gift med Birgitte Lagesdotter Tranø i 1859 (nr. 18):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Edøy, Ministerialbok nr. 581A05 (1853-1872), Ekteviede 1859, side 253.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-257

I 1865 finn vi familien på Smøla:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =2604#ovre

Når det så gjeld avstamminga til Jørgen Hågensson, så var han var f. 1812 i Sunndal som son til Hågen Jørgensson Dalen og Marit Gjersvoll (nr. 14 under Øksendalen):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A02 (1794-1820), Fødte og døpte 1812, side 47.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-31

Om faren hans – sjå under plassen Nerdalen I i Sunndalsboka bind 5 s. 359 (Jørgen er ikkje nemnt der).

Jørgen vart konfirmert i Edøy (Tustna) i 1827 med namnet Linvåg (nr. 26):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Edøy i Edøy, Ministerialbok nr. 581A03 /1 (1819-1836), Konfirmerte 1827, side 486-487.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-127

I 1830 er han registrert innflytta frå Edøy til Stangvik (nr. 4):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stangvik, Ministerialbok nr. 592A02 (1820-1830), Innflyttede 1829-1831, side 598-599.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-162

Svar

Gå tilbake til «Tustna: Tustna bygdebok»