Bind 3/side 128 Gjengset - Gjengseteidet

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2831
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 3/side 128 Gjengset - Gjengseteidet

Legg inn av Knut Sæther » 1. mai 2013 kl. 11.52

Om Bernt Johannesson står mellom anna dette:

Bernt var gift to gonger. Første kona var fødd 1820 i Øksendalen, men namnet er ein gong oppgjeve til å vera INGRID ANDERSDOTTER, og ein annan gong til GJERTRUD ANDERSDOTTER. […] Bernt Johannesson vart gift på nytt i 1877 med MALI HALVARDSDOTTER KJERVIK, f. 1828.


Bernt (Bent) var enkjemann da han gifta seg med Gjertrud, slik det for øvrig korrekt står i omtalen av han under Faksvåg s. 253 i same bygdebokbindet. Trulovinga deira i Kristiansund i 1858 viser at Bernt tidlegare hadde vore gift med Ingri Andersdotter Hønsvik, og at denne Ingri døydde i 1856 (venstre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Forlovererklæringer nr. 17 (1855-1869), Forlovererklæringer 1858, side 42.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-43

Her er elles det som må vere vigselen til Bernt og Gjertrud (nedste innførselen):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A09 (1855-1865), Ekteviede 1858, side 18.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-260

Delar av opplysningane er svidd bort, men vi ser at far til brura var Anders Olsson Jordal. Det betyr nok at Gjertrud kom frå Øvre Jordal bruk nr. 1 i Sunndal. Gardfolket der på den tida, Anders Olsson og Brit Bersvendsdotter, hadde ei dotter med dette namnet som var fødd i nettopp 1820 – jf. Sunndalsboka bind 5 s. 78. Men i bygdeboka står det ikkje noko om kvar denne dottera vart av. Ho er elles registrert utflytta til Kristiansund i 1846 (nr. 9):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A04 (1832-1846), Inn- og utflyttede 1846, side 271.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-226

Svar

Gå tilbake til «Tingvoll: Gards- og ættesoga for Straumsnes»