Bind 2/side 201 Røyhjellen - bruk nr. 2

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 3054
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 2/side 201 Røyhjellen - bruk nr. 2

Legg inn av Knut Sæther » 3. oktober 2010 kl. 14.04

Om Anders Olsson på bruk nr. 2 står det at han var f. utanfor ekteskap i 1821 av foreldra Ole Andersson Gikling og Lisbet Nilsdotter. Om mora blir det opplyst at ho var søster til brukaren Peder Nilsson på Røyhjellen bruk nr. 1.

Denne Lisbet Nilsdotter var neppe søster til Peder Nilsson, som var son til Nils Nilsson på Flatvad bruk nr. 3. I staden ser det ut til at ho var dotter til Nils Halvorsson, Gikling bruk nr. 2. Han hadde nemleg ei dotter Lisbet f. 1793 (jf. bind 2 s. 186), og som døydde 4. april 1822 ifølgje kyrkjeboka. Nils Halvorsson var det skifte etter i november same året, og der går det fram at dottera var død, men at ho hadde ein son Anders Olsson på eitt og eit halvt år:

http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24660/33

(Kjelde: Skifteprotokoll 3A 27 for Nordmøre sorenskriveri, 1822-1830, fol. 31b.)

Det må vere den same Lisbet Nilsdotter det var skifte etter på Gikling i mai 1825. Sonen Anders står der oppført med alderen fire år, og det stemmer med at han var f. i 1821. Han har dessutan same formyndar som i skiftet frå 1822. Morbroren hans Halvor Gikling er òg nemnt.

http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24660/329

(Kjelde: Skifteprotokoll 3A 27 for Nordmøre sorenskriveri, 1822-1830, fol. 328.)

Merkeleg nok står det i dette skiftet at Lisbet Nilsdotter var ”afgangen” den 9. i same månaden. Men den opplysninga må vere feil, for eg kan ikkje forstå anna enn at dette er same kvinna som i skiftet frå 1822. I kyrkjeboka kan eg da heller ikkje finne nokon Lisbet Nilsdotter død våren 1825.

Den Lisbet som var dotter til Nils Nilsson på Flatvad, var f. 1805. Ho var såleis i yngste laget til å ha fått barn i 1821. Ho er elles omtala i bind 2 s. 246.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Sunndalsboka»