Supplement/side 364b Engan

Svar
gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Supplement/side 364b Engan

Legg inn av gj04325 » 13 jan 2008 12:33:14

Her er nemnt ei Bogei Gunnarsdotter Hjellnes, og det blir antyda at ho kanskje var frå Stangvik.

Retting:
I staden for Hjellnes skal det her stå Hyllneset. Ved Hyllneset låg Hylla, ein husmannsplass under Litlmjølkill. Ifølgje Sunndalsboka bind 5 s. 26 skal ein som heitte Gunnar Jøstensson muligens ha vore plassbrukar der. Han var etter alt å dømme son til husmannen Jøsten Gunnarsson på plassen Øksendalsøra I - sjå Sunndalsboka bind 4 s. 177. Gunnar Jøstensson (som i kyrkjeboka også opptrer med namnet Flå) vart gift med Sigrid Semundsdotter, og dei hadde ei dotter Bogei f. 1769.

Andre kjelder:
*Møre og Romsdal fylke, Sunndal, ministerialbok nr. 590A02 (1794-1820), fødde og døypte 1800 s. 28.
*Møre og Romsdal fylke, Sunndal, ministerialbok nr. 590A01 (1752-1793), ektevigde 1765-1771 s. 103; fødde og døypte 1768-1770 s. 39

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Sunndalsboka»