Bind 4/side 169 Husby – Kroken

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2983
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 4/side 169 Husby – Kroken

Legg inn av Knut Sæther » 17. februar 2013 kl. 16.55

Her står det at plassen Kroken i 1805 vart bygsla til gjestgjevaren Nils Nilsson Rytter på Øksendalsøra, og at han same året vart gift (for andre gong) med Guro Larsdotter Røset.

Brukaren av Kroken (gift med Guro Larsdotter) var Nils Nilsson Smiset. Han var etter alt å dømme son til Nils Sverkesson i Stangvik og f. ca. 1767 – jf. Heimar og ætter i Stangvik bind 3 s. 121. Der står det ikkje noko om kvar denne Nils vart av, men det var truleg han som i 1801 var skreddar og innerst på Smiset:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =1340#ovre

Vi merkar oss i denne samanhengen at Nils og Guro hadde ein soneson med namnet Sverke – sjå under Sjølset (Skrøa/Kleiva) i Sunndalsboka bind 4 s. 355.

Elles fortel ikkje panteboka noko om kvar denne husmannen på Kroken var frå, men det ville vel ha kome fram dersom han var av Rytter-folket (venstre side):

http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?i ... x_side=-14

Nils Nilsson døydde i 1847, og alderen hans er da oppgjeve til å vere 81 år (nr. 14):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-318

Dette samsvarar godt med at han var f. ca. 1767.

Her er vigselen mellom Nils Nilsson Smiset og Guro Larsdotter Røset i 1805 (nr. 3, høgre side):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-78

I bygdeboka er elles tre av barna til Nils Nilsson Rytter førte opp som barn til Nils og Guro på Kroken, nemleg Olaug f. 1806, Nils f. 1809 og Jon f. 1812 – sjå rettinga til side 159:

https://slektsforum.slektogdata.no/view ... 537#558537

Så skriv bygdebokforfattaren at det var Nils f. 1809 som seinare tok over drifta av plassen (og gifta seg med Brit Olsdotter Husbyløkken). Men den nye plassmannen var ein son med dette namnet som Nils Nilsson og Guro Larsdotter hadde fått i 1802, og som ikkje har kome med i Sunndalsboka (nr. 7, venstre side, høgre spalte):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-16

Ved vigselen med Brit Olsdotter i 1833 ser vi elles at den oppgjevne alderen til brudgommen stemmer bra med fødselsåret hans (nr. 14):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-147

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Sunndalsboka»