Bind 4/side 305-306 Rønningen (Rydningen)

Svar
gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Bind 4/side 305-306 Rønningen (Rydningen)

Legg inn av gj04325 » 01 apr 2012 13:22:03

På desse sidene er omtala Ole Pedersson og Anne Olsdotter som skal ha drive garden frå ca. 1735 til ca. 1742. Det er nemnt at Ole døydde i 1742, og det blir referert frå skiftet etter han. Mellom anna blir det trekt fram at Ole hadde ei halvsøster Anne Mortensdotter.

Skiftet etter Ole Pedersson har vi her (folio 519):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Nordmøre sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 09 , 1741-1746, oppb: Statsarkivet i Trondheim.
http://arkivverket.no/URN:sk_read/24642/90/

Det viser seg at dette arveoppgjeret ikke er etter nokon brukar på garden Rønningen i Øksendalen i Sunndal, men etter brukaren på garden med same namnet i Gagnat tinglag (Tingvoll). I dag ligg denne garden i Nesset kommune, og vi finn såleis ekteparet ovanfor omtala i Gards- og ættesoge for Nesset bind 4 s. 70.

Ole Pedersson og Anne Olsdotter kan altså ikkje ha vore gardfolk i Øksendalen slik det blir hevda i Sunndalsboka.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Sunndalsboka»