Bind 5/side 066 Lia

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 3054
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 5/side 066 Lia

Legg inn av Knut Sæther » 10. februar 2013 kl. 17.21

Her er familien til Kristoffer Trondsson og Ingeborg Jonsdotter omtala. Mellom anna er ein son Nils f. ca. 1743 presentert. Så står det vidare:

Konen Ingeborg døde kort etter denne siste barnefødsel. Hun ”døde udi marken og var forvillet,” heter det om henne. Kristofer giftet seg på ny, men denne annen kone er ukjent.

Desse opplysningane om Ingeborg og Kristoffer stemmer ikkje. Ingeborg levde nemleg i 1754, for i skiftet etter Kristoffer frå det året er ho ført opp som enkja etter han (folio 261b):

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24644/265/

Og i ekstraskattmanntalet frå 1762 finn vi ho som innerst på bruket (nr. 79):

http://arkivverket.no/URN:db_read/db/47939/32/

I Sunndalsboka er elles nemnt nokre husdyr frå det som blir påstått å vere buet etter Ingeborg. Men eg har ikkje funne noko arveoppgjer etter ho, og heller ikkje nokon ny vigsel til Kristoffer. Det er ikkje så rart, for når vi ser etter i kyrkjeboka, viser det seg at det var eit barn til Kristoffer som hadde døydd ute i marka (sjå venstre side, nedst i høgre spalte):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-65

Dette barnet kan ikkje ha vore Nils, for han voks opp. Mest sannsynleg var det den eldre broren Erik (fødd i 1730-åra) for han er ikkje nemnt i skiftet etter faren.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Sunndalsboka»