Bind 01/side 405 Øye - Øvergarden

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2978
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 01/side 405 Øye - Øvergarden

Legg inn av Knut Sæther » 14. februar 2015 kl. 17.08

Her er Ane Nilsdotter Mo, mannen hennar Tore Ivarsson Hanem samt barna dei hadde, omtala. Anne er ikkje nærare identifisert.

Ho hadde iallfall tre søsken: Nils Nilsson - husmann på plassen Oppdølsnausta i Sunndal, Anders Nilsson Skarshaugen og Guru Nilsdotter. Dette kjem fram i skiftet etter Nils Nilsson frå 1807. I skiftet er Ane (Anne) kalla Øye, og dei tre barna hennar som levde på dette tidspunktet, er nemnde. Skiftet tek til nedst på venstre side:

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24657/189/
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 660189.jpg

Nils Nilsson (og søstera Guru) står det meir om i Sunndalsboka bind 5 s. 145.

Anders Nilsson finn vi omtala under Skarshaugen i Gards- og ættesoge for Tingvoll bind 3 s. 630. Det står ikkje der noko om kvar han var frå.

Avstamminga til desse søskena er noko uviss.

Svar

Gå tilbake til «Gjemnes: Gards- og ættesoge for Gjemnes»