Kyrkjebok Lesjaskog, Oppland, 1918

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24 nov 2011 21:45:13
Sted: ØVRE SURNADAL

Kyrkjebok Lesjaskog, Oppland, 1918

Legg inn av dn27834 » 23 sep 2011 12:03:21

Besteforeldra mine var jarnvegsarbeidarar og følgde Dovrebana/Raumabana nordover/vestover.
Deira barn nr 5 Petter Hjalmar Ringstad, født 01.11.1917 (feil innført i klokkarboka til 01.10.1917, avklart med Prestekontoret på Lesja til riktig 01.11.1917) Døpt 01.04.1918 ikkje 3/2 som klokkaren har ført inn.
Lesjaskog kyrkje:
Kildeinformasjon: Oppland fylke, Lesjaskog i Lesja, Klokkerbok nr. 8 (1905-1931), Fødte og døpte 1918, side 16 nr 5.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-20
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 060318.jpg
Dette klarer eg å få ut av det:
nr 5! 1/10-1917!3/2! Petter Hjalmar!?? Paul T Ringstad (Fron), Julie Larsdtr!Bryggen!86!01 (Dette er feil rett årstal 1890)!Einar E Lerstad?? Torger? Bryggen!Ja!Hjemmedøpt?!
Det eg stussar på er tittel til Paul T, og kva dei to fadderane heiter.
Han var nok ikkje i heilt godt slag klokkaren ved innføring av denne dåpen, men eg har fått stadfesting på at dei feila eg har påpeika, er feil opplysningar i klokkarboka. men ministerialboka er ikkje skanna.
Beste helsing
Wenche

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Kyrkjebok Lesjaskog, Oppland, 1918

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 23 sep 2011 15:28:56

"tittelen" er "Jernb." ,

faddrane "I. Ole T. Ringstad og Kone, Einar E. Lestad, J?g?? Bryggen"
"I." står vel kanskje for "inderst". J?g?? ser ut til å vere eit namn, men eg får ikkje heilt tak på alt. Det kan vere Jogun.
Denne klokkaren er litt inkonsekvent med strekar over bokstavar (u og n).

Elles ser det ut til å vere rett tyda.

Brukeravatar
gj05668
Innlegg: 12190
Registrert: 17 okt 2007 20:33:23
Sted: STØ

Re: Kyrkjebok Lesjaskog, Oppland, 1918

Legg inn av gj05668 » 23 sep 2011 15:32:03

Lurer på om ikke fornavnet til siste fadder skal være Jørgen :?:

Mvh Paul

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Kyrkjebok Lesjaskog, Oppland, 1918

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 23 sep 2011 17:04:24

eg også tenkte på Jørgen, men i så fall er r-en berre halvegs og det ein ekstra stav i "-en" (Jørgem, Jørgeen?).

Det kan naturlegvis tenkjast - og fasiten ligg kanskje framleis på prestekontoret i Lesja?

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24 nov 2011 21:45:13
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Kyrkjebok Lesjaskog, Oppland, 1918

Legg inn av dn27834 » 23 sep 2011 17:19:28

Tusen takk skal de ha alle saman for å setje meg på sporet av siste fadder,
Dei leigde jo bustad på "Brygga" og da gjekk eg inn på FT for 1910, for der burde denne
Bryggen-personen vere, for å kunne vere fadder i 1918, tenkte eg,saman med dei andre bebuarane på "Bryggen" og der sto HO: JØRGINE BRYGGEN, kreaturstell

http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036425000859/

Hjarteleg takk for all velvillig bistand som til slutt løyste dette. Det set eg veldig pris på.

Beste helsing
Wenche

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»