Kirkebok, Tingvoll, Møre og Romsdal, 1745

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
19725
Innlegg: 547
Registrert: 25 mar 2009 21:03:36
Sted: ELNESVÅGEN

Kirkebok, Tingvoll, Møre og Romsdal, 1745

Legg inn av 19725 » 30 jun 2011 14:43:02

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-75
Lenka ovanfor viser mellom anna trulovinga til soldat Halvor Eriksen med Olaug Olsdatter. Han har eit etternamn her som begynner med G og som eg har tolka som Gulla eller Gielle. Men det har ikkje ført til noko løysing. Kan dette etternamnet lesast annleis? (Dei vart gardfolk på Talset i Nesset kommune, Møre- og Romsdal, og er nemnt side 189 - 190 i Gards- og ættesoge for Nesset bind III. Der står det han var fødd i 1709 og at ho døydde 82 år gamal i 1802. Eg kan ikkje sjå at skiftet etter han i 1783 løyser spørsmålet om kvar han kom frå. Garden sorterte da under Tingvoll prestegjeld. Kona hans var nok frå Oppistua på Stormelkild i noverande Sunndal kommune, på den tida (fram til 1795) også under Tingvoll prestegjeld. Ho er nemnt i Sunndalsboka bind V side 31.)

Magne Østhus
Innlegg: 7779
Registrert: 09 mai 2010 01:22:17
Sted: LØKKEN VERK

Re: Kva er etternamnet?

Legg inn av Magne Østhus » 30 jun 2011 14:55:49

Hei !
For min del så ser det ut som Gullen, og det er da også et navn fra møre og nevnt som Gulla i de senere tider.
Mvh. Magne.

19725
Innlegg: 547
Registrert: 25 mar 2009 21:03:36
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Kva er etternamnet?

Legg inn av 19725 » 30 jun 2011 17:34:49

Greitt, men eg var innom begge Surnadalsbøkene til Hyldbakk og kikka gjennom både gardshistoria og husmannshistoria på Gulla. Namna Halvor og Erik var ikkje representert på ein slik måte at eg kunne tenkje meg han var derifrå. Men eg kan sjølvsagt ha oversett noko. Og han kan jo vere utstyrt med namnet av andre grunnar.

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»