Kirkebok, Veøy, Møre og Romsdal, 1739

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
3347
Innlegg: 1025
Registrert: 03 des 2004 03:29:53
Kontakt:

Kirkebok, Veøy, Møre og Romsdal, 1739

Legg inn av 3347 » 11 jan 2011 21:15:39

På høgre side ca. midt på står innført ein dåp som eg har tolka soleis:

Veø kirkebok 1739 Døbt i Molde k: Erich Smeds Søn Knud, dj: 27 May. Faddere: Johannis Lubs Qde., Ole Lønset D:?, Ole Schomager, Knud paa Røisen, Knud?? Schomager.

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-100

Det eg er usikker på er fadder nr. 2 og siste fadderen.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Veø kirkebok 1739 Møre og Romsdal

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 11 jan 2011 22:00:29

kan det vere "Ole Lønsets d:"?, der "d" står for "ditto" - altså "Qvinde"; evt. for dotter?

Eg trur det står "Knud" på skomakaren - men om noko er retta til Knud, eller Knud er retta til noko anna, er ikkje så godt å seie.

3347
Innlegg: 1025
Registrert: 03 des 2004 03:29:53
Kontakt:

Re: Veø kirkebok 1739 Møre og Romsdal

Legg inn av 3347 » 11 jan 2011 22:10:12

Takk for svar Ivar!

Det var mange skomakarar i Molde på den tida - eg veit at ein av dei heiter Knud og heldt til i Molde som handverkar i alle fall fram til 1746.

Denne forkortinga d: har eg sett fleire gonger i den eldste kirkeboka for Veøy - og eg har som deg spekulert på om det kunne vere ei forkorting for datter. At det kunne stå for ditto har eg ikkje tenkt på før du foreslo det.

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»