Kirkebok, Bolsøy Molde, Møre og Romsdal, 1800

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
3347
Innlegg: 1025
Registrert: 03 des 2004 03:29:53
Kontakt:

Kirkebok, Bolsøy Molde, Møre og Romsdal, 1800

Legg inn av 3347 » 07 aug 2010 18:16:46

Hei!

Det er vel vanskeleg å sjå kva som står under trolovede i 1800 No. 4 Styrmand Hr. Peder Tønder Evenhoft og Enke Madam Ana Martha Aaset. Hr. ??????? Byfoged Øwre.

Ana Martha heitte Stephensen før ho gifta seg med skipper Ezekiel Aaset - om det kan vere til noko hjelp.

Kan nokon greie å tyde dei teikna?

Brukeravatar
gj05668
Innlegg: 12190
Registrert: 17 okt 2007 20:33:23
Sted: STØ

Re: Molde kirkebok trolovede 1800

Legg inn av gj05668 » 07 aug 2010 18:39:52

Her er en sidelenke:
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Molde i Bolsøy, Ministerialbok nr. 558A01 (1798-1818), Ekteviede 1798-1800, side 54.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-49

Ser for meg ut som om ordet beynner på Rigtih . . ., men - - -

Mvh Paul

3347
Innlegg: 1025
Registrert: 03 des 2004 03:29:53
Kontakt:

Re: Molde kirkebok trolovede 1800

Legg inn av 3347 » 07 aug 2010 20:03:20

uff ja - eg gløymte visst lenka

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-49

Første gong eg las det tenkte eg at det kanskje var broren til Ana Martha hr. Stephensen, men det er vanskeleg å få det til å stemme.

Kjenner ikkje til nokon som heiter noko i nærleiken av Rigtih i Molde-området på den tida.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Molde kirkebok trolovede 1800

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 07 aug 2010 20:26:23

Det står vel eit "Hr." som høyrer til "Byfoged Øwre". Det første vitnet heiter noko på "-sch". Det kan vere Rasch eller "Risch", men det kan også vere ein B- (Basch, Bisch?). Sidan det er ein "Hr", må han ha ein del status - og då vert det neppe så mange å velje mellom.

3347
Innlegg: 1025
Registrert: 03 des 2004 03:29:53
Kontakt:

Re: Molde kirkebok trolovede 1800

Legg inn av 3347 » 07 aug 2010 23:16:14

Ja - det var eit godt tips. Då må det helst vere pensjonert apotekar Christian Resch som er sponsor - han var gift med søster til Ana Martha.

Glimerande - takk til dere begge!

3347
Innlegg: 1025
Registrert: 03 des 2004 03:29:53
Kontakt:

Re: Molde kirkebok trolovede 1800

Legg inn av 3347 » 07 aug 2010 23:27:38

Når først namnet Resch kom fram ved hjelp av dette forum - fann eg at postmeister Jens Collin hadde notert Resch som sponsor for rundt 100 år sidan. Dyktig kjeldelesar den karen!

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»