Skifte, Sunndal/Tingvoll, Møre og Romsdal, 1761

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Skifte, Sunndal/Tingvoll, Møre og Romsdal, 1761

Legg inn av gj04325 » 08 mai 2010 17:27:53

I 1761 var det skifte etter Kirsti Pedersdotter på Stormjølkill i Sunndal (tidlegare Tingvoll) - sjå fol. 628 (høgre sida):

http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24646/89

I den åttande linja ovanfrå er nemnt den forrige mannen hennar Anders Knutsson som ho hadde ein son med, og etter namnet står det eit par ord eg er er usikker på tydinga av. Teksten på linja lyder slik: "afgangen mand Anders Knudsen (..?..) (..?..) 1 Søn, og af sidste ægteskab med Ole Olsen Stor Melkield .."

Eg skulle gjerne ha identifisert denne Anders Knutsson, og det kan vere til hjelp om det er eit gards- eller plassnamn han står oppført med. Lenger nede i teksten førekjem namnet Talset eit par gonger, og ordet er ikkje så veldig ulikt dette. Iallfall ser eg ikkje bort frå at det endar på -set. Kan det stå Bølset? Det neste ordet har eg også problem med.

Er det nokon som kan hjelpe til her, set eg pris på det.

Helsing Knut Sæther

dn23027
Innlegg: 4250
Registrert: 07 okt 2008 04:10:16
Sted: MANDAL

Re: Skifte, Sunndal/Tingvoll, Møre og Romsdal, 1761

Legg inn av dn23027 » 08 mai 2010 17:50:39

hei :)

Det andre ordet må da være Eje,- det første ser ut som det begynner med Børs.. for meg, så jeg tør ikke si om det er Bølset, eller noe annet. Blir bare halvveis hjelp her.

Mvh
Linda W

Tore Kristiansen
Innlegg: 3976
Registrert: 18 nov 2004 09:47:39
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Skifte, Sunndal/Tingvoll, Møre og Romsdal, 1761

Legg inn av Tore Kristiansen » 09 mai 2010 11:11:11

Kan det andre ordet bak Anders Knudsen være En Søn :?:

Det nevnes to ektemenn i skiftet etter Kirstie Pedersd., og etter neste ektemann står det: en Sønn og en datter tilsamen 2 Sønner 1 datter
Senere nevnes også kun et barn fra første ekteskap; Knut Andersen 26 1/2 aar gl

Da vil det være naturlig at det etter hennes første ektemann nevnes antall barn hun hadde hatt med ham.

Gardsnavnet: De tre første bokstavene er jeg enig i, ser ut som Bør. Den fjerde bokstaven tror jeg er en s, som Linda også skriver, for den ligner svært på s'en i Anders. Og mange andre s'er i det skiftet. Også s'er inne i ord.

Den siste bokstaven ligner på en t, og da blir det Børset.

Jeg har også prøvd å lese det som Thorsce (gardsnavnet Torske/Toske), men jeg har gått bort fra det. :)
:) Tore

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Skifte, Sunndal/Tingvoll, Møre og Romsdal, 1761

Legg inn av gj04325 » 09 mai 2010 15:09:08

Takk til Linda og Tore for innspel! Gardsnamnet Børset finst i Sunndal i to bygder, så slik sett passar tydinga godt. Eg kan ikkje finne denne Anders Knutsson nemnt under nokon av desse gardane i bygdeboka, men det treng ikkje vere avgjerande.

Også eg har lurt på om det andre ordet kan vere talordet en, men synest det står eit eitt-tal rett framfor "Søn". (Sjå elles linja rett under, der det står "1 Datter".) Iallfall vekslar denne skifteskrivaren mellom å bruke tal og talord i teksten. Dessutan ser det ut til at det er ein prikk over ein bokstav inne i ordet, og da blir Linda si tyding straks meir aktuell. Når endinga "-eje" (-eie) er hekta på eit gardsnamn, indikerer det vel at det er tale om ein plass under garden. Denne praksisen er vel sjeldan på Nordmøre vil eg tru, men desto meir utbreidd på for eksempel Austlandet. Men eg meiner å ha registrert fenomenet i eit anna skifte frå Sunndal frå den same tida.

Helsing Knut.

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»