Legg inn
av Ivar Ståle Ertesvåg » 24 okt 2009 17:36:50
Eg vil tru at svaret står i siste kolonne ; "do." (ditto = same, det viser til førre inførsle og dermed oppover til første) "Indledt af S....berg". Det må vere tre mødre (to av dei nemnde som kona til mannen sin) som er innleidde i kyrkja etter ein barnefødsel.
Det er ei tilsvarande innførsle (men berre ei mor) etter nr. 6 på sida framom.
Det kan vere mødre til barn som er døypte i ei anna kyrkje (og innførte i kyrkjeboka der); men meir sannsynleg mødre til dødfødde barn. I det siste tilfellet vil det ikkje vere nokon barnedåp å føre innleiinga ved; i det første tilfellet skulle vel eigentleg barnet førast inn i heimesoknet.