Heilt nederst på side 533 les eg det slik:
1781 d. ? publice absolveret Ole Knudsen Howe og Qvinde Olave Andersdatter fordi deres barn Jacob, 7 uger gammelt, var i vuggen qualt af moderens brøst 1 Rd mulct til fattigcassen? test ? 38,5
Er usikker der det står spørsmåltegn. Og kva er det vist til heilt til slutt, er det ein eller annan lovparagraf?
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-222
Kirkebok, Stranda, Møre og Romsdal 1781
Moderator: MOD_tydehjelp
-
Ivar Ståle Ertesvåg
- Innlegg: 4944
- Registrert: 12 des 2004 13:08:07
- Sted: TRONDHEIM
- Kontakt:
Re: Kirkebok, Stranda, Møre og Romsdal 1781
Det første ? tek eg ikkje...
Det nest siste er vel det du skriv (Fattigkassen), og ikkje meir.
Til slutt. "Text Ps: 38,5", altså tekstlesing frå Salme 38 vers 5; som her
http://www.bibel.no/Hovedmeny/Nettbibel ... chapter=38
Det nest siste er vel det du skriv (Fattigkassen), og ikkje meir.
Til slutt. "Text Ps: 38,5", altså tekstlesing frå Salme 38 vers 5; som her
http://www.bibel.no/Hovedmeny/Nettbibel ... chapter=38
Re: Kirkebok, Stranda, Møre og Romsdal 1781
Takk Ivar!
Det var nok ikkje med vilje at barnet døde - krybbedød hender også idag. Og då bli straffa i tillegg må ha vore tøft.
Helsing Kai
Det var nok ikkje med vilje at barnet døde - krybbedød hender også idag. Og då bli straffa i tillegg må ha vore tøft.
Helsing Kai
-
Ivar Ståle Ertesvåg
- Innlegg: 4944
- Registrert: 12 des 2004 13:08:07
- Sted: TRONDHEIM
- Kontakt:
Re: Kirkebok, Stranda, Møre og Romsdal 1781
Kai: Eg trur vi skal legge merke til eit par ting.
1) Mulkta var til dei fattige, ikkje til kongen/staten.
2) "absolusjon" tyder avløysing, forlating, tilgjeving.
Vi kan like gjerne sjå det slik at dei fekk gjere opp for seg, gjere bot (gammaldags uttrykk, men lell) og få offentleg tilgjeving for det som hadde skjedd. Ved avløysing talar presten på vegne av Gud (då som no etter fullmakt ifl. Matt 18.18 og Joh. 20.23). Det kan godt hende at det var ein terapi som fungerte.

Interessant analyse, Ivar!
Du har sikkert rett. Ser lenger oppe på same side i kyrkjeboka at der er tre liknande saker, og alle betalte til fattige. Eg kopla ordet mulkt automatisk til straff.
Datoen er like uoppklart framleis. Lurer på om det kan stå 'E1' Men kva skulle det vere?
Du har sikkert rett. Ser lenger oppe på same side i kyrkjeboka at der er tre liknande saker, og alle betalte til fattige. Eg kopla ordet mulkt automatisk til straff.
Datoen er like uoppklart framleis. Lurer på om det kan stå 'E1' Men kva skulle det vere?
-
Ivar Ståle Ertesvåg
- Innlegg: 4944
- Registrert: 12 des 2004 13:08:07
- Sted: TRONDHEIM
- Kontakt:
Re: Kirkebok, Stranda, Møre og Romsdal 1781
Det vert eit skot nesten i blinde, men kanskje ikkje heilt....
Jacob vart jordfesta 7. jan 1781 http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-170 , som var 1. sundag etter openberring eller epiphania, som kanskje kan ligge bak "E1", som dette kanskje kan tolkast som.
Jacob vart jordfesta 7. jan 1781 http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-170 , som var 1. sundag etter openberring eller epiphania, som kanskje kan ligge bak "E1", som dette kanskje kan tolkast som.
Re: Kirkebok, Stranda, Møre og Romsdal 1781
Skot i blinde.....?
Men innertiar likevel?
Men innertiar likevel?