Kyrkjebok, Volda, Møre og Romsdal, 1819

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 07 feb 2011 20:01:15
Sted: VOLDA

Kyrkjebok, Volda, Møre og Romsdal, 1819

Legg inn av dn08004 » 10 mai 2009 15:04:33

Hei!

Treng hjelp til ein post under konfirmerte i Volda 1819. Det er post nr. 112 på side 245/1. Han heiter Johannes, og det er noko spesielt som er gjort med han, men det klarer eg ikkje å tolke:

Nederst på første side (post 112)

På førehand takk!

Gunnar

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Kyrkjebok Volda 1819

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 10 mai 2009 16:21:20

Ikkje alte er like lett å lese, men noko slikt:
under namn: "Johannes kaldt efter formodning Andreassen forhen om-vankende"
under foreldre: " Ved lovligt op-taget forhør, er det ej bleve(n?) oplyst, enten(?) hvor han er født eller hans forældres Bavne, da han blot vide(?) at han var i Si.. ... med .. ...."
under alder: "Eter(?) Formod-ning og ... omtrent fød Aar 1792.
under kunnskap: "Da han her blev antaget til uncer-visning, kjendte han ej Bogstave-ne, han nu leser taalelig i Bog. og det vigtigste i Katechismus; hans Vandel hidindtil skal saavidt ..... ... .. .".

Rolf Sverre Alsos
Innlegg: 227
Registrert: 01 mai 2007 17:05:11
Sted: TROMSØ

Re: Kyrkjebok Volda 1819

Legg inn av Rolf Sverre Alsos » 10 mai 2009 16:23:39

Delvis hjelp:

Johannes kaldt efter formodning Andreassen forhen omvankende.

... lovligt optaget førhør, er det ej bleven oplyst enten hvor han er født eller hans forældres navne, da han blot .....(visste) at han var i Slægtskab(?) med .... ........

Efter formodning og udseende, omtrent fød Aar 1792.

Da han her blev antaget til underviesning, kjendte han ej Bogstavene, kan nu læse taalelig i Bog, og det viktigste i Chatechismen; hans Vandel hidindtil skal saavidt .... ...... god(?).

dn23027
Innlegg: 4250
Registrert: 07 okt 2008 04:10:16
Sted: MANDAL

Re: Kyrkjebok Volda 1819

Legg inn av dn23027 » 10 mai 2009 16:37:09

Samme i Klokkerboken: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-162

Kan det stå sånn omtrent "slægtskab med omstreifere" nederst?




Mvh
Linda W

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Kyrkjebok Volda 1819

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 10 mai 2009 16:51:03

Linda: det er i tilfelle "Selskab" (ikkje "Slektskab")

Rolf Sverre Alsos
Innlegg: 227
Registrert: 01 mai 2007 17:05:11
Sted: TROMSØ

Re: Kyrkjebok Volda 1819

Legg inn av Rolf Sverre Alsos » 10 mai 2009 17:20:49

Det ble litt lettere med klokkerboka til hjelp:

Johannes kaldt efter formodning Andreassen forhen omvankende.

Ved lovligt optaget førhør, er det ej bleven oplyst enten hvor han er født eller hans forældres navne, da han blot Veed at han var i Sælskab med Omstrejfere.

Efter formodning og udseende, omtrent fød Aar 1792.

Da han her blev antaget til undervisning, kjendte han ej Bogstavene, kan nu læse taalelig i Bog, og det viktigste i Chatechismen; hans Vandel hidindtil skal saavidt man ved hidtil være yderst god.

dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 07 feb 2011 20:01:15
Sted: VOLDA

Re: Kyrkjebok Volda 1819

Legg inn av dn08004 » 10 mai 2009 17:28:45

Tusen takk, alle saman! Då veit eg kven han er. Han blei kalla for Blå-Johannes, og bakgrunnen vert delvis skildra i Voldasoga, b. 1 (Aarviknes), s. 249. Han budde på Engeset. Ei spanande historie som eg siterar frå boka som takk:

"Johannes Andreasson (Blå-Johannes) vart funnen i Volda i 1818 og kunne ikkje gjere greie for seg og sitt opphav. Presten Andreas Qvale gav han undervisning og førde han inn i kyrkjeboka under namnet Johannes Andreasson. Då Johannes ikkje på nokon måte kunne gjere greie for familien sin, gav presten Qvale han sitt eige namn som farsnamn og kalla han Andreasson. Han underviste han i all barnelærdom, så han kunne verte konfirmert i Volda kyrkje i 1819. Qvale har ført han inn i kyrkjeboka under namnet Johannes Andreasson Øren, omstreifar, f. 1792.

Johannes tok til å selje brisel (blåfarge) og vart av den grunn kalla "Blå-Johannes". Seinare vart han ein vidkjend hestehandlar og reiste med store hestedrifter frå Volda til Stavmarknaden og til Trondheim. I 1834 leigde han Rotevatn-sætre til hestehamning og hadde der øykjer på sommarshamning. Det går segn om at han hadde mykje pengar; men han hadde og mykje pengar uteståande. Forliksprotokollane er fulle av krav han hadde på folk i denne tida.

Johannes vart g. 1831 m. Jønet Knutsdotter Moene frå Eide, Nordmøre. Han var då 36 år gl., og Jønet var 40 1/2 år gl. Dei hadde ei dotter, Ane Berte, f. 1832, g.m. Tore Grebstad, Sykkylven. Johannes d. 59 år gl. 1851 av lungebrand."

Gunnar

dn23027
Innlegg: 4250
Registrert: 07 okt 2008 04:10:16
Sted: MANDAL

Re: Kyrkjebok Volda 1819

Legg inn av dn23027 » 10 mai 2009 17:56:57

Ivar Ertesvåg skrev:Linda: det er i tilfelle "Selskab" (ikkje "Slektskab")



Det synes jeg også det stod, men det var tolket til slægtskab av en lenger oppe her, så jeg antok jeg leste feil. Tross alt en vrien skrift :)
mvh
Linda W

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»