Kyrkjebok Stranda, Møre og Romsdal 1831

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

Kyrkjebok Stranda, Møre og Romsdal 1831

Legg inn av 4151 » 09 feb 2009 18:03:07

Gaardbruger Ole Pedersen, død 11 aug 1831 er min 2x tippoldefar. Der står ein kommentar som eg ikkje kan tyde heilt. Eg les det slik:
'Fik et Slag i Udmarken og styrtede da udover en ???? hvorved Hovedet blev saa forslaaet at han døde 24 Timer efter'
Er det rett så langt, og kva er ordet som mangler?
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-186

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Kyrkjebok Stranda, Møre og Romsdal 1831

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 10 feb 2009 19:54:42

eg har fundert litt på denne.... Eg er med på det du har tyda; men det manglande ordet er ikkje enkelt.

Det ser mest ut som "Præ.....ide"; kanskje "Præs..ide". Bokstaven før "-ide" liknar ikkje heilt på s, y, g eller p andre stadar eg har sett, men eg vil ikkje avskrive dei heilt. q har eg ikkje sett, så det lyt stå ope. Førstebokstaven _kan_ evt. vere ein J med litt ekstra krot ("Jordemoder" er eit ord som går att i fødselslista).

Haken ved alt dette er at eg ikkje får meining ut av det. Det må vere noko ein kan styrte utfor og som finst i utmarka...

4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

Re: Kyrkjebok Stranda, Møre og Romsdal 1831

Legg inn av 4151 » 10 feb 2009 20:18:08

Bra, Ivar, at du kunne 'godkjenne' det eg kom fram til. Men det eine ordet er vanskeleg. Eg har tenkt at det kunne vere at han utfor noko liknande eit stup. Eit eller anna i naturen. Eit anna alternativ om han fall over ein eller annan gjenstand. Har snakka med eldre folk i slekta, men ingen veit noko om hendinga.
Derimot er det kjent at Ole Pedersen var med i krigen 1807 - 1814. Han kom ikkje heim att saman med dei andre soldatane, og familien trudde etter kvart at han hadde falle i krigen.
Men noko seinare kom han heim. Han hadde blitt såra ved grensa til Sverike, og der vart han verande til han var så frisk at han kunne gå heim att. Ja, han hadde gått heile vegen heim til Fausa i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Det må vel vere snakk om 60 - 70 mil!
Ein annan gong var han i kamp med bjørn - og berga seg.
Helsing Kai

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Kyrkjebok Stranda, Møre og Romsdal 1831

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 10 feb 2009 21:44:50

no har ikkje eg "godkjent", berre sagt at eg kan lese det på same måten; det kan vere feil på same måte... :D

Eg tenkte å sjå etter i Norsk Maalbunad av Ivar Aasen, men eg har boka ein annan stad. Det er den einaste norske "tesaurus" eg veit om. Det ser ut til at Ivar Aasen-tunet har lagt ut ein kopi som pdf-filer; men akkurat no er Acrobat-en min i ustand... men du kan freiste sjølv.

Det var mange titals soldatar frå Sunnmøre i krigen ved svenskegrensa. Dei fleste gjekk, dvs. marsjerte, begge vegane - og vegen gjekk om Bergen og jamvel Stavanger for somme.

Brukeravatar
7205
Innlegg: 1771
Registrert: 07 des 2004 04:14:55
Sted: KONGSBERG

Re: Kyrkjebok Stranda, Møre og Romsdal 1831

Legg inn av 7205 » 10 feb 2009 22:45:32

Jeg hadde et lite håp om at det var skrevet det samme og med bedre skrift i klokkerboken Lenke men ingen av delene stemte. :cry:

I klokkerboken tror jeg det står (det første ordet er utydelig): Han fik et slag, og faldt ned af et field og ..fter?? et Hoved......?? forsøk døde.

Hilsen Remi
Remi Pedersen
"Don't be afraid of my Phoenix. He will burn up (but will be reborn from the ashes)."

Else Berit Rustad
Innlegg: 17824
Registrert: 03 nov 2006 09:10:00

Re: Kyrkjebok Stranda, Møre og Romsdal 1831

Legg inn av Else Berit Rustad » 10 feb 2009 23:02:00

Jeg tenkte som deg, Remi, og gikk til klokkerboka. Synd det ikke var helt likelydende tekst der :cry:

Klokkerboka: Denne Mand faldt ned af et Field og efter et Jævndøgns forløb døde.

Men vi er jo like langt mht det ukjente ordet i kirkeboka!

Mvh
Else B.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Kyrkjebok Stranda, Møre og Romsdal 1831

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 11 feb 2009 08:37:23

Dette kan tyde på at klokkaren - som skulle skrive rett av etter presteboka - heller ikkje skjøna kva presten hadde skrive....

Framlegg: Præcipite (evt. Præsipite) - fall, stup, høg/bratt stad, avgrunn (frå fransk/latin)

4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

Re: Kyrkjebok Stranda, Møre og Romsdal 1831

Legg inn av 4151 » 11 feb 2009 09:37:05

Dette gir då same meining i begge bøkene, sjølv om ordlyden er ulik. Det ein kanskje ikkje kan konkludere med er om det det var eit fysisk slag frå eit eller anna som gjorde at han fall, eller om omgrepet 'slag' på den tida også kunne vere 'medisinsk' meint. (Hjerneslag, hjarteslag).
Takk til alle for hjelpa!
Helsing Kai

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Kyrkjebok Stranda, Møre og Romsdal 1831

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 11 feb 2009 10:48:42

Otto Kalkar http://www.hist.uib.no/kalkar/ (s.871) kjenner iallfall til "slag" i tydinga "apoplexi" (hjerneslag, hjerneblødning). I engelsk wikipedia http://en.wikipedia.org/wiki/Apoplexy står det at "apoplexy" i historiske tekstar (i engelsk, rett nok) kan vere nytta meir allment om bråt medvitstap/død, t.d. hjartetilfelle.

Men "slag" kan også vere at han fekk eit slag i hovudet, t.d. steinsprang eller ei grein frå eit tre. Så du har nok rett i at vi ikkje kan seie stort meir om kva slag "slag" han fekk.

4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

Re: Kyrkjebok Stranda, Møre og Romsdal 1831

Legg inn av 4151 » 11 feb 2009 14:48:30

Det er vel så langt vi kjem. Men eg synest det veldig bra - før eg såg kommentaren i kyrkjeboka visse eg ingen ting om dette!
Takk igjen, Ivar!

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»