Fattigprotokoll Hareid 1870-talet

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Fattigprotokoll Hareid 1870-talet

Legg inn av Kjell Remø » 27 jun 2020 16:00:17

Hei !
Vedlagt følgjer kopi av ei side frå ein protokoll for fattigkommisjonen for Ulstein / Hareid. (Ikkje digitalisert)

Omlag 3/4-delar nede på sida har eg utfordringar med dei 2-3 injene under punkt 7, 3 avsnitt.

‘Bernt Olsen Ulfstensviig’ …………til…………for enken Eli Ellingsdatter Hatløen og anmoder .............'

(Innhaldet i 2.avsnitt i punkt sju er eksakt likt, men med andre namn)

Er denne Ulfstensviig foreslått som verge ? Eg skulle meir enn gjerne hatt ei løysing på det som for meg er ei gåte.
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26 aug 2009 19:51:20
Sted: SYKKYLVEN

Re: Fattigprotokoll Hareid 1870-talet

Legg inn av gj09903 » 27 jun 2020 16:22:28

Her er mitt forslag: Bernt Olsen Ulfsteensviig foreslaaes til laugværge for enken Eli Ellingsdatter Hatløen og anmoder Sorenskriveren at opnævne ham

Brukeravatar
gj05668
Innlegg: 12190
Registrert: 17 okt 2007 20:33:23
Sted: STØ

Re: Fattigprotokoll Hareid 1870-talet

Legg inn av gj05668 » 27 jun 2020 19:02:14

Enig i forslaget til Inge.

Mvh Paul

Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Re: Fattigprotokoll Hareid 1870-talet

Legg inn av Kjell Remø » 28 jun 2020 12:43:16

Hei !

Tusen takk til Inge og Paul ! :D

Som alltid når ein får svar på eit spørsmål melder det seg noko nytt å gruble over.

Definisjonen av laugverge finn eg på nettet, MEN
1. Kvifor er det fattigkommisjonen som oppnevner laugverge
2. Kvifor vert det valt eit laugverge utanom familien?

Spørsmål nr. 2 er det neppe råd å svare på, og svaret på spørsmål nr. 1 må vel vere at Eli sleit økonomisk. (Ho mottok etter det eg kan sjå aldri midlar frå fattigkommisjonen, korkje økonomisk eller i form av legd)


Mvh Kjell

Brukeravatar
gj05668
Innlegg: 12190
Registrert: 17 okt 2007 20:33:23
Sted: STØ

Re: Fattigprotokoll Hareid 1870-talet

Legg inn av gj05668 » 28 jun 2020 15:33:37

Inge skrev: Bernt Olsen Ulfsteensviig foreslaaes til laugværge for enken Eli Ellingsdatter Hatløen og anmoder Sorenskriveren at opnævne ham


1) Fattigkommisjonen anmoder Sorenskriveren om "at opnævne Bernt Olsen til laugværge". Ergo er det sorenskriveren og ikke kommisjonen som oppnevner ham.
2) Eli er enke. Det er nok derfor hun etter loven skulle ha laugverge. Vet ikke hva hun ellers måtte ha av slektninger som var kvalifiserte for oppgaven :?

Mvh Paul

Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Re: Fattigprotokoll Hareid 1870-talet

Legg inn av Kjell Remø » 28 jun 2020 20:13:23

Hei Paul !

Takk for tbm. :D

Ang spm 1:
Du har sjølvsagt heilt rett i at det var sorenskrivaren som hadde siste ordet. Det eg ikkje forstår er kvifor det kom eit innspel frå fattigkommisjonen på ei dame som aldri hadde hatt 'fattig-hjelp.'(Eg har i detalj gått gjennom fattigkommisjonen sine protokollar)

Ang spm 2.
Ved folketeljinga i 1875 budde ho hos sonen. Utan tvil var det han å takke at ho slapp å verte audmjuka ved å be om hjelp / kome på legd. Etter lova skulle ho ha verge, men kvifor ein gjekk utanfor familien vil vi aldri få svar på. Kanskje hadde fattigkommisjonen eit par faste laugsverge?
Kunne ikkje ein husmann vere verge?

Uansett, det er denne type funderingar som gjer faget så spennande.

Mvh Kjell

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»