Søre Sunnmøre Sorenskriveri 1821

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Søre Sunnmøre Sorenskriveri 1821

Legg inn av Kjell Remø » 02 jun 2019 20:00:53

Hei !
Eg har vore innom dette skiftet tdlegare. 26. april d.å. ba eg om hjelp til å tolke diverse effektar som var med i ei utlodning. Eg fekk hjelp til det meste. Hjelpa kom frå fleire hald, og med eit par ‘takk’ frå mi side, vart det nok oppfatta som om det vart svara på alt. Nokre linjer stod likevel att.
Spørsmålet gjeld utloddinga til sonen Nils Nilsen , sjå venstre side, øvst oppe på spalte 2.
SAT, Søre Sunnmøre sorenskriveri, 3/3A/L0004: Skifte- / Skifteutloddings- / Skifteslutningsprotokollar, 1812-1821, s. 544b-545a. Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090127660554

Det eg først og fremst lurer på er siste linja, den med verdi 0-3-13 ½
Vidare er det to linjer med det eg forstår er fiskeutstyr, linje 11 og 12 frå toppen. Linje 11 verdi 0-1-12 og linja under (kan det vere ‘Smaaliner’ ?) med verdi 1 spd.
For å sitere Jens Chr Nørve i ‘Åsted Norge’: Ein eller annen der ute veit.’ Til liks med Nørve håpar eg å få løyst også siste rest av gåta.

Mvh Kjell

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Søre Sunnmøre Sorenskriveri 1821

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 02 jun 2019 21:53:42

Det førre spørsmålet er vel her: https://slektsforum.slektogdata.no/view ... p?p=779457


I halvparten som tilfell enkja er det ført opp til slutt
"I et Toske garn No 2 som er taxerit for 4 ort, deri tager .....-.-5 1/2

På Nils sin part er den siste linja
"I 1 toske garn No 2 for 4 ort ?? med .-3-11 1/2

(Det vert 0-3-17, så det er truleg lagt ut ein part for 7 skilling til nokon annan).
Det er også eit "toske garn No. 1" lenger oppe på sida.

Linje 10 trur eg må vere
"1 toskegarnsstræng paa 24 Favner n: ?? - .-3-.

Linje 11
1 ?? boder(?) Do. mk NnR";
"Do." som må viser til linje 10, "toskegarnsstræng" eller berre "stræng"

Linje 12 er "Smaalin..." - men eg er uviss på slutten.

Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Re: Søre Sunnmøre Sorenskriveri 1821

Legg inn av Kjell Remø » 02 jun 2019 22:41:13

Hei !

Mange takk Ivar !

Då har eg ei peiling på kva det heile dreiar seg om.
Dei 7 'manglande' skillingane ser ut ut til å vere fordelt på 2 andre kreditorar.
Så lenge det ikkje var tilstrekkeleg med kontantar i buet, måtte det vere ei skikkeleg utfordting å få utlodninga til å gå opp mot krava.

mvh Kjell

:D

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»