Søre Sunnmøre Sorenskriveri 1812-1821

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Søre Sunnmøre Sorenskriveri 1812-1821

Legg inn av Kjell Remø » 04 feb 2019 11:40:41

Hei !
Utgangspunktet er fordeling av arv i skiftet etter Nils Rasmussen. Sjølve skiftet startar ei side før lenka, men den delen av skiftet er ikkje interessant i denne samanheng.
SAT, Søre Sunnmøre sorenskriveri, 3/3A/L0004: Skifte- / Skifteutloddings- / Skifteslutningsprotokollar, 1812-1821, s. 544b-545a. Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090127660554
Enka og sonen får kvar sine drøye 23 spesidalar.
Enka, Ana Nilsd, sin del finn vi under nr. 13. (Venstre side, venstre spalte) Dei to desidert største beløpa er på 11 og 7 spesidalar. Eg skulle gjerne ha tolka kva som utgjer dei to beløpa.
Sonen, Nils Andreas, sin del går fram av nr. 14. (langt nede på venstre spalte, venstre side)
Her er det to beløp på 6 spesidalar som er størst . Kva er det som utgjer dei to beløpa ?
I tillegg hadde det vore fint om eg fekk tolka småbeløpa på til saman 1-4-14 som Nils arva, heilt nede i venstre spalte.
Eg vonar at ein dyktig og reddande engel enno ein gong trår til.
Mvh Kjell

Brukeravatar
gj03896
Innlegg: 17820
Registrert: 03 nov 2006 09:10:00
Sted: KONGSBERG

Re: Søre Sunnmøre Sorenskriveri 1812-1821

Legg inn av gj03896 » 04 feb 2019 18:34:21

Det var ikke alle ordene jeg klarte, men her kommer i hvert fall svar:

11 og 7 spesidaler: Når det gjelder beløpet 7 spd., leser jeg dette som "Hæster"
11 spd. gjelder "1/6 part i en Ottringsbaad med Segl"
Nils Andreas: Den første på 6 spd. gjelder "1 hvid Koe, heder Ruldskind"
Det andre gjelder "1 horned Do. heder NyeAar"

Småbeløpene tilsammen 1-4-14 gjelder:
3 stk. gl. furre tønder 0-1-12
1 slet Høvel med Tand(?) 0-0-6
1 rund ... med Do. 0-0-4
1 furre Planke 0-1-0
1 graa Vadmeelstrøye 0-4-0
1 blaae ...trøye 0-1-8
1 hvid Do. 0-1-8


Mvh
Else B.

Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Re: Søre Sunnmøre Sorenskriveri 1812-1821

Legg inn av Kjell Remø » 04 feb 2019 18:49:56

Hei !

Tusen takk. Utruleg kva du kan tyde !

Det er rett og slett ufatteleg kva som vart rekna inn i eit skifte.
Sonen Nils (nr. 14) drukna i 1837. Ved skiftet etter han er det mellom anna nemnt ' 1 gl Furretd'
Vi kan ikkje sjå vekk frå at den tønna har vore gjennom eit skifteoppgjer tidlegare !

mvh Kjell
:D

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Søre Sunnmøre Sorenskriveri 1812-1821

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 04 feb 2019 19:27:08

1 slet Høvel med Tand(?) 0-0-6
1 rund ... med Do. 0-0-4


" ... med Tand", ja - det er skjerstålet i høvelen (som elles er av tre); likeins
"1 rund Høvel med Do. [Tand]"

Dei er overraskande lågt prisa - men det kan vere enkle/slitne variantar.

Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Re: Søre Sunnmøre Sorenskriveri 1812-1821

Legg inn av Kjell Remø » 04 feb 2019 19:49:13

Hei !

Takk også til deg Ivar !

Noko anna som overraskar er ordet 'Hæster'.
Hestar i fleirtal på eit lite bruk på vesle Hatløya !

mvh Kjell :D

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Søre Sunnmøre Sorenskriveri 1812-1821

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 04 feb 2019 20:47:11


11 og 7 spesidaler: Når det gjelder beløpet 7 spd., leser jeg dette som "Hæster"
11 spd. gjelder "1/6 part i en Ottringsbaad med Segl"
Nils Andreas: Den første på 6 spd. gjelder "1 hvid Koe, heder Ruldskind"
Det andre gjelder "1 horned Do. heder NyeAar"

Småbeløpene tilsammen 1-4-14 gjelder:
3 stk. gl. furre tønder 0-1-12
1 slet Høvel med Tand(?) 0-0-6
1 rund ... med Do. 0-0-4
1 furre Planke 0-1-0
1 graa Vadmeelstrøye 0-4-0
1 blaae ...trøye 0-1-8
1 hvid Do. 0-1-8



Dette er frå utlottinga. Alt er først lista opp i opprekninga av buet, som kjem framanfor.
Akkurat dette er lettare å lese der.

Dei to siste
er (1 blå og 1 kvit) "Kortetrøye"

Det er berre éin hest ("Lyserød 12 a 13 aar - 7 spd"), så det må vere "Hesten" - i eintal.
Av ein eller annan grunn har hesten ikkje namn (i motsetnad til kyr).

........

Hatløya er nok ein del mindre enn Remøya (1/6 i areal); og den samla landskylda mindre (om lag halvparten). Men det vert tre gongar meir skyld per areal.
2 pund 6 mk (4 like bruk) var eit middels bruk i Ulstein (den trykte matrikkelen 1838 er den enklaste inngangen til desse tala).

Det var hest på alle bruka på Hatløya ved landbruksteljingane i 1803 og 1818.

Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Re: Søre Sunnmøre Sorenskriveri 1812-1821

Legg inn av Kjell Remø » 04 feb 2019 22:09:20

Hei !

Igjen takk for flott hjelp !

Det høyres meir rimeleg ut med 1 hest.
Uansett, det var tøffe tider !

:D mvh Kjell

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»