Skifteprotokoll Nordmøre Halse Tinglag 1761

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29 nov 2005 21:38:41
Sted: KVANNE

Skifteprotokoll Nordmøre Halse Tinglag 1761

Legg inn av Erling Myrbostad » 22 jan 2019 17:16:44

Må ha hjelp til ein del tydingar i dette skiftet:

https://media.digitalarkivet.no/view/24 ... ?indexing=

Skiftet er på venstre side (654b), er datert 24. Feb 1761, og er etter Ingeborg Olsdotter Bøe frå plassen Bønaustet under garden Bø i daværende Halse Sogn, Stangvik Prestegjeld, no i Surnadal kommune. Hverken plassen eller personane er nemnte i bygdeboka (Folk og heimar i Åsskard) av Hans Hyldbakk.

Enkemannen heiter Lars Jonson, og arvingane elles er søskena til avdøde og hennar born. Og det er ein del namn mellom arvingane eg altså ikkje klarer å tyde.

1. På linje 7-8 frå starten av skiftet er nemnt Fuldbroderen Niels Olsen , men eg klarer ikkje å sjå kva etternamnet hans er (trur det sluttar på moe)
2. Niels Olsen er død og etterlet seg m.a dotra Magnild Nielsdatter, gift med Anders Olson ????. Kanskje er dette samme etternamnet som Niels Olson har?
3. Han har og ei dotter til, men der klarer eg ikkje å tyde fornamnet. Ho er gift med Even L??vigen (kanskje Leevigen eller Loevigen? (trur dette kanskje dreier seg om Even Christenson Løvik, Utigard i Halsa, brukar der i 1760, med Halsaboka er mest utan opplysningar frå den tida)
4. Dei andre søskena meiner eg å ha tyda og også lokalisert kvar dei heldt til, med unntak av yngste dotera til halvsøstra Gunild Olsdatter. Ho heitte Ingeborg Olsdatter, gift med ein Ole ???? i ????. Sjå linje 17 frå starten av skiftet.

Sjølv om det er lokalisert ein god del personar her, har eg ikkje klart å sjå kvar dei kjem frå, noko som hadde vore kjekt å få til i samband med at det arbeidast med nye bygdebøker i området. Set pris på all muleg hjelp.

Mvh Erling

Brukeravatar
gj03896
Innlegg: 17820
Registrert: 03 nov 2006 09:10:00
Sted: KONGSBERG

Re: Skifteprotokoll Nordmøre Halse Tinglag 1761

Legg inn av gj03896 » 22 jan 2019 18:09:14

Dobbeltpostet. Se svar under det andre emnet.

Mvh
Else B.

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»