Skifte Ole Olson Finnvik i Halsa tl 27 mai 1794

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
19725
Innlegg: 547
Registrert: 25 mar 2009 21:03:36
Sted: ELNESVÅGEN

Skifte Ole Olson Finnvik i Halsa tl 27 mai 1794

Legg inn av 19725 » 06 okt 2017 02:55:55

SAT, Nordmøre sorenskriveri, 3/3A/L0021: Skifteprotokoll nr. 19, 1792-1797, s. 227b-228a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20090203630704

I dette skiftet etter Ole Olson Finnvik, som var soldat (tente på festninga i Trondheim frå 1756?) og voks opp på Nastad, gift med den ganske mykje yngre Mildri Olsdotter Nastad f 1749 d 1785, er det ein del av dei innleiande linjene eg skjønar det meste av, og ein del eg ikkje skjønar.

Arvingane er sønene Ole Olson den eldre og Ole Olson den yngre med Ole Olson Nålsund som formyndar (Ein bror Johannes må ha døydd mellom dette skiftet og skiftet etter mora).

Men den avdøde ser ut til å ha vore formyndar for ei Anne Andersdotter Magnhildberget. Og så blir Ole Olson Magnhildberget nemnt som formyndar og deretter Ole Olson Nålsund. Og den siste ser ut til å overta den avdøde sitt ansvar. Men det blir jo berre rot, så eg treng hjelp til å greie ut det som står etter "Gagnats Tingl."

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Skifte Ole Olson Finnvik i Halsa tl 27 mai 1794

Legg inn av gj04325 » 06 okt 2017 09:28:11

Omtrent slik:

Overværende ved Forret. vare Lensmand Hans Friis Foss og de 2 Mænd Peder Augistinus. Carlsvig og Anders Ols. Carlsvig. De[n] Afdøde var betroet 2 Formyndersk. 1 for pigen Anne Andersdt. Magnilberget hvis Arv var 3 Rdr 5 Sk i godt Behold; i Afdødes Sted blev hende beskikket til Formynder Ole Olsen Magnelberget, 2 for sin yngste Søn Ole Ols. Findvig hvis efter Moderen var 5 Rd 2 Ort 2 Sk i godt Behold, til Formynder i Afdødes Sted blev antaget Ole Ols. Naalsund. Derefter blev opgivet Boets Indgjeld.

Mvh. Knut.
.

19725
Innlegg: 547
Registrert: 25 mar 2009 21:03:36
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Skifte Ole Olson Finnvik i Halsa tl 27 mai 1794

Legg inn av 19725 » 06 okt 2017 10:10:36

Takk! Ja, da vart det forståeleg. Og heilt rett sml. med skiftet etter ektemaken i 1785, der den her avdøde blir formyndar for Ole Olson den yngre.

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»