Skifte, Sunnmøre sorenskriveri, 1732

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 07 feb 2011 20:01:15
Sted: VOLDA

Skifte, Sunnmøre sorenskriveri, 1732

Legg inn av dn08004 » 17 jan 2015 17:36:12

Hei!

Eg forstår mykje av det som stend her, men det er eit av namna eg ikkje får til å stemme.

Skifte etter Arne Olsen på Homborset 28.11.1732

Det er skiftet etter Arne Olsson Humberset, g.m. Brite Olsdotter. Borna som eg klarer å lese er Ola Arnesen 20 år, Anders Arnesen 12 år, Bor? Arnesdatter og Britte Arnesdatter. Eg klarer heller ikkje heilt å tyde laugverga.

Den eg var ute etter å finne var ei Ingeborg Arnesdotter som stend i Busetnadssoga for Volda, b.3 s. 605. Veit nokon om Bor var ei vanleg forkorting for Ingeborg?

På førehand takk! :)

Mvh
Gunnar

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Skifte, Sunnmøre sorenskriveri, 1732

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 17 jan 2015 17:45:02

Vi må bla ei side fram for å finne starten.

lagverja: "ole vadsteen"

Etter "12 aar" står "Inge" og så "bor Arnes datter" på neste linja, altså står Ingeborg der.

I utlottinga, 1. spalta på høgre sida i oppslaget i lenkja, ca. 10. linja, er ho kalla "Inger".

dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 07 feb 2011 20:01:15
Sted: VOLDA

Re: Skifte, Sunnmøre sorenskriveri, 1732

Legg inn av dn08004 » 17 jan 2015 19:14:41

Takk, Ivar. Eg var viss på at det stod Pige, og ikkje Inge. :oops:

Ole Vadstein var enka sin far.

Gunnar

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»