Tingbok, Sunndal, Møre og Romsdal, 1695, 1698

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Tingbok, Sunndal, Møre og Romsdal, 1695, 1698

Legg inn av gj04325 » 23 nov 2012 20:29:01

I protokollen frå tinget på Sunndalsøra i juli 1695 står det på høgre side (folio 77) i 10., 11. og 12. linja ovanfrå noko slikt som dette:

”Fremkom for Retten Knud Torstensen Skrondal medhavende sin Broder Torre Torstensen Forset, som paa Egeen og samptlige sine Søskenis vegne Nemlig Lars Torstensen ……..” osv.

http://arkivverket.no/URN:rg_read/28698/78/

I bygdeboka er ikkje denne Lars Torsteinsson nemnt mellom søskena, og eg finn han heller ikkje i manntalet frå 1701 for Sunndal prestegjeld. For å kome vidare skulle eg hatt greie på kva namn han står oppført med. Det er altså det første ordet i den 12. linja det dreier seg om. Eg synest det står Leingen, men skulle gjerne hatt synspunkt på saka frå andre. Om dette er rett, kan det vere tale om garden Leangen. Iallfall er det ikkje nokon andre gardsnamn i dette prestegjeldet som passar betre.

Elles lurer eg på om det er det same namnet vi har med å gjere i protokollen frå tinget same stad i juni 1698. På høgre sida (folio 255) står det dette på 4. og 5. linja ovanfrå:

”Joen Gickling havde ved Lensmanden Ole Aacker, Anders Toffte och Torre ……. ……..” osv.

http://arkivverket.no/URN:rg_read/28698/256/

Det første ordet som manglar her kan altså vere same namnet som Lars Torsteinsson var oppført med. Det andre ordet skulle eg òg hatt hjelp med å tyde. Elles er denne Tore òg nemnt i tredje siste linja på forrige side (folio 254b), og der ser det ut til at ”etternamnet” er stava noko annleis.

Helsing Knut.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Tingbok, Sunndal, Møre og Romsdal, 1695, 1698

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 23 nov 2012 21:49:07

Læingen?

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Tingbok, Sunndal, Møre og Romsdal, 1695, 1698

Legg inn av gj04325 » 23 nov 2012 22:57:57

Ja, det som står må vere noko i den dur. Eg har altså mest tru på at det er garden Leangen det dreier seg om. Der heitte iallfall ein av brukarane på denne tida Tore Estensson, og forgjengaren hans var ifølgje bygdeboka ein Lars som ikkje er identifisert. Så slik sett kan det stemme. Men det blir berre ein hypotese.

Takk for innspel!

Knut.

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»