Skifteprotokoll, Sunndal, Møre og Romsdal, 1681

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Skifteprotokoll, Sunndal, Møre og Romsdal, 1681

Legg inn av gj04325 » 10 nov 2012 14:36:22

Den 15. juli 1681 vart det halde skifte på Ottem i Sunndalen etter ei Anne Estensdotter – sjå venstre side (folio 19b), høgre spalte:

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24637/29/

I skifteprotokollen er nemnt ei dotter som ho og ektemannen Ole Jonsson hadde. I 4. og 5. linje står noko slikt som dette:

” – och deris udi Æchteskab sammen aflede Barn T….. Olsdaater paa dend anden side.”

Kva er førenamnet til denne dottera? Det er altså det første ordet i den 5. linja eg skulle hatt hjelp til å tyde.

På slutten av den 8. linja står namnet på han som møtte fram på vegner av den umyndige dottera. Førenamnet er Johan, men det andre ordet eg litt usikker på. Kan det stå Ottøen? Namnet kjem att i den tredje siste linja i spalta, og trer vel noko tydelegare fram der.

Så er det enda eit ord eg ikkje får heilt taket på. Frå den 12. linja og nedover les eg følgjande:

”Och som forbme. Olle Jons. hafe besofued hands Sahl. Quindes Söskind Barn och med hinde Römt och …….. sig af Landet: Thi hafe Kongl. Mayst. Fouged ved Sorenskrifueren – ” osv.

Det hadde vore fint om nokon kunne tyde det ordet som manglar her.

Helsing Knut.

Brukeravatar
gj05668
Innlegg: 12190
Registrert: 17 okt 2007 20:33:23
Sted: STØ

Re: Skifteprotokoll, Sunndal, Møre og Romsdal, 1681

Legg inn av gj05668 » 10 nov 2012 15:33:33

Heller usikker, men

Ser for meg ut som Tresa. Kan det være ment Teresa?

Osbøen?

Det siste har jeg ikke noe forslag til

Mvh Paul

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Skifteprotokoll, Sunndal, Møre og Romsdal, 1681

Legg inn av gj04325 » 10 nov 2012 20:40:29

Takk for innspel! Dette var nok ikkje det enklaste å tyde, men eg har notert meg forslaga dine.

Helsing Knut.

Tore Kristiansen
Innlegg: 3976
Registrert: 18 nov 2004 09:47:39
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Skifteprotokoll, Sunndal, Møre og Romsdal, 1681

Legg inn av Tore Kristiansen » 11 nov 2012 00:27:53

Det står Telsse, og det er et navn jeg mener å ha sett før i de gamle kildene fra Nordmøre.
Når jeg søker etter det på nettet, finner jeg forklaringa på navnet Telse på tyske navnesider.

Jeg mener også at det står Johan Ossbøen, og jeg finner ingen gardsnavn som begynner med Os-, men kan det være Åsbøen det skal bety? Åsbø finnes både i Stangvik sogn og i Halsa sogn. I Stangvikboka finner jeg ingen Johan nevnt under Åsbø, men det er en Johan på Åsbøen i Halsa.

Jeg sliter litt med det tredje ordet ditt, Knut.
:) Tore

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Skifteprotokoll, Sunndal, Møre og Romsdal, 1681

Legg inn av gj04325 » 11 nov 2012 14:16:02

Takk til deg Tore for innlegget! Er har vel neppe vore borti dette personnamnet Telsse før, så derfor vart eg i tvil om tydinga da eg kom over ordet i skiftet. Kanskje det helst er å finne i 1600-talskjelder – kjelder eg ikkje har arbeidd så mykje med. Elles ser eg på nettet at namnet har (og har hatt) ei viss utbreiing i Danmark, men der med forma Thelse.

Når det så gjeld gardsnamnet som denne Johan er utstyrt med, er det vel ikkje så usannsynleg at det er meint å stå Åsbøen, slik du antydar. Noko namn Osbøen finst iallfall ikkje i Sunndal, og eg har heller ikkje funne eit slikt namn i nærliggjande prestegjeld som Oppdal og Lesja. At den fjerde siste bokstaven må vere ein b, kjem vel best til syne i den tredje siste linja. Når vi samanliknar med ein b i eit ord lenger framme i linja, ser vi at den bokstaven er nesten identisk utforma.

Av skiftet går det fram at formyndaren Johan var gift med søstera til Anne Estensdotter, og desse folka kan da ha hatt ei tilknyting til Halsa. I den samanhengen er det interessant å sjå at det òg var ein brukar Esten på Åsbøen på denne tida (jf. bygdeboksida du har lenkje til).

Dagen før skiftesamlinga (den 14. juli) var det "åbotsbesigtigelse" av bygningane på Ottem på den parten Ole Jonsson hadde bygsla. Det står om dette på den same sida i skifteprotokollen. Eg merkar meg at fleire av takstmennene kom frå Halsa tinglag (sjå nedst i venstre spalte). Kanskje ikkje tilfeldig?

Det siste ordet eg lurte på er det ikkje så viktig å få tyda, men kanskje det står snegen. Iallfall tolkar eg innhaldet slik at Ole Jonsson hadde rømt (altså snike seg ut av?) landet etter å ha sett barn på ein slektning til kona.

Helsing Knut.

Tore Kristiansen
Innlegg: 3976
Registrert: 18 nov 2004 09:47:39
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Skifteprotokoll, Sunndal, Møre og Romsdal, 1681

Legg inn av Tore Kristiansen » 11 nov 2012 15:35:01

Ja, når du skriver det, så tror jeg det tredje ordet er snegit
:) Tore

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»