Skifte Borgund MR 1826

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
Kjell Jan Remø
Innlegg: 299
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Skifte Borgund MR 1826

Legg inn av Kjell Jan Remø » 26. august 2024 kl. 19.09

Hei 

Eg treng hjelp med eit skifte frå 1826, Borgund på Sunmøre.
Sjå venstre side, høgre spalte og litt høgt oppe.
Nordre Sunnmøre sorenskriveri, SAT/A-0006/1/3/3A/L0014: Skifteprotokoll 8, 1824-1827, s. 380b-381a.
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090128700396 
I skiftet er det registrert løsøre med    30- 4-19
Deretter er boet plussa på med           65-4-12
Samla kjem boet brutto opp i               96-4-7

Dei 65-4-12 kjem frå avdøde sine barn, og må truleg vere eit eller anna dei har fått med seg frå buet.
Men kva er det som er påplussa ?
Det eg lurer på er dei to setningane som står etter 30-4-19
…?……………………….……
…?………………………, nemlig  
(fram til setninga som startar slik. Sønnen Ole Pedersen )

 
 
 
 

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5738
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Skifte Borgund MR 1826

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 26. august 2024 kl. 19.45

fotograferinga er så som så, og mange bokstavar liknar på kvarandre, men noko slikt

"Anf(?) Børnene haver følgende erholdt i Fa-
derens Levende Live, nemlig:"

Det er vel det vi kallar forskot på arv.

Kjell Jan Remø
Innlegg: 299
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Re: Skifte Borgund MR 1826

Legg inn av Kjell Jan Remø » 26. august 2024 kl. 21.47

Mange takk Ivar ! :D

Det ser ut som døtrene får like mykje i arv som sønene, 12-0-20.
Det er vel temmeleg spesielt i 1826.

Det må også bety at eit par av arvingane, mellom anna Kanutte som eg stammar frå,
må betale attende til boet i og med ho har fått 19 spd i forskot.


 
 
 

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5738
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Skifte Borgund MR 1826

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 27. august 2024 kl. 0.09

Det ser ut som døtrene får like mykje i arv som sønene, 12-0-20.
Det er vel temmeleg spesielt i 1826.

Det må også bety at eit par av arvingane, mellom anna Kanutte som eg stammar frå,
må betale attende til boet i og med ho har fått 19 spd i forskot.
 
Det var ikkje så uvanleg at alle fekk like mykje.  Dersom alle var samde, kunne det verte sånn.

Det stemmer. Under utlutinga, punkt 9 framgår det at Kanutte (eller mannen Nicolai Spilkevignæs) har fått for mykje,
og post nr. 12 "Dattersøn Rasmus Ellingsen" i tillegg til 8-1-0 som mora (Elen) hadde fått i forskot,
"modtager hos Nicolai Spilkevignnæs af huad han formeget har oppebaaret 3-3-12
Ligesaa hos Elling Nedregaard (dvs. Ingeborg) 0-1-8"
 
 

Kjell Jan Remø
Innlegg: 299
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Re: Skifte Borgund MR 1826

Legg inn av Kjell Jan Remø » 27. august 2024 kl. 12.06

Hei !

Mange takk Ivar. :)
 
Då har eg notert meg følgjande :

Gitt alle var samde, var det ikkje veldig uvanleg at
døtre og søner arva like mykje.

 

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»