Leitar etter Hanna-Charlotte og Magda Jonassen.

Moderator: MOD_Rogaland

Svar
Mariann Stokken
Innlegg: 103
Registrert: 12. april 2007 kl. 9.40
Sted: SAGVÅG

Leitar etter Hanna-Charlotte og Magda Jonassen.

Legg inn av Mariann Stokken » 27. januar 2010 kl. 22.49

Her er ein del av familien i FT1900: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =2124#ovre

Hanna vart f.1897 og Magda 1906 i Stavanger.

Søskenflokken vart morlaus i 1909, då var den minste (Magda) berre 2,5 år (dvs.det vart f. ei jente dagen før mora døydde, men ho døydde ein mnd. gammal), men far har likevel hatt barna buande hjå seg. Iallfall ei tid etter at kona døydde.

Kan sjå ut frå opplysningar eg har fått frå Byarkivet i Stavanger at barna har flytta frå far omkring 1912-1913, då var den yngste (Magda) ca.6 år og Berta ca.9 år.

Det var også ei eldre syster, Hanna Charlotte, ho vart konfirmert 04.05.1913 (i St.Petri) var då bs.i Waisenhusgt.24, i merknadsfeltet i komm.folketeljing 1910 står det Typograf With ved hennar namn.

Når far døyr i 1929 står det i dødsmeldinga at han har to søner i USA, og to døtre Berta og Magda her i Norge.

Berta flytta til ein familie på Os(Hord), henne har eg greie på, men kvar vart Magda plassert? Magda gifta seg aldri, ho døydde i Stavanger i 2002.

Og kvar vart det av Hanna Charlotte? Har leita gjennom krk.bøkene for St.Petri, St.Johannes og Domkrk, ho må vel ha døydd, sidan ho ikkje vart nemnt i 1929 når faren døydde? Eg har ikkje funne henne, men ho kan sjølvsagt vera i St.Petri eller St.Johannes, for registreringa av døde sluttar mange år før 1929 der.

Det vert påstått frå Berta sine etterkomarar at det er ein link til Finnøy, men den har ikkje eg funne enno. Kanskje Hanna Charlotte eller Magda budde der?

Er det nokon som har opplysningar om desse to jentene, Hanna Charlotte f.1897 og/eller Magda f.1906?

Eg har også eit tema på Dig.ark. ang. desse:
http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe ... ak=n#anker

Mariann Stokken
Innlegg: 103
Registrert: 12. april 2007 kl. 9.40
Sted: SAGVÅG

Re: Leitar etter Hanna-Charlotte og Magda Jonassen.

Legg inn av Mariann Stokken » 28. januar 2010 kl. 16.51

Har funne Hanna Charlotte også, alle gode ting er tre, seiest det :-)

Iallfall ringde eg til Krk.vergen i Stavanger for 3. gong(om ikkje 4.), og idag var det endeleg ei som fann noko!

Ho døydde i 1925 Stavanger, og står nok i den St.Petri boka som enno ikkje er scanna.

Då er det berre Magda igjen, kvar vaks ho opp, det må vel gå an å finna ut det også :-))

Mariann Stokken
Innlegg: 103
Registrert: 12. april 2007 kl. 9.40
Sted: SAGVÅG

Re: Leitar etter Hanna-Charlotte og Magda Jonassen.

Legg inn av Mariann Stokken » 5. februar 2010 kl. 13.23

Ja, så har eg funne Magda også! Ho vaks opp på Klepp, Jæren, og er konfirmert der 1921.

Svar

Gå tilbake til «Rogaland - ukjent sted»